Landsmøtet blir fysisk

Etter to år med unntakstilstand og digitale eller dels digitale landsmøte, kan vi no stadfeste at landsmøtet i 23. og 24. april blir med fysisk oppmøte i Oslo. For dei som ikkje får høve til å reise denne helga, ser vi òg på ei løysing med å strøyme møtet på video.

På styremøtet i NU sist helg, tok styret saka opp til diskusjon, og vedtok at det trass i at pandemien ikkje er over, er viktig å få til ei fysisk samling i år. Dette var ordlyden da saka vart lagt fram på styremøtet:

­– Lettare å diskutere i eit fysisk møte

"Det er i dag vanskeleg å seie korleis smittesituasjonen i Noreg vil vere fram i tid, og sjølv om situasjonen no tilseier at vi kan arrangere eit fysisk landsmøte, er det vanskeleg å seie om dette vil kunne endre seg når vi kjem til april. Det er derfor viktig at styret gjer seg nokre tankar om korleis vi vil løyse dette og om ein vil gå for fysisk eller digitalt landsmøte i 2022.

Slik situasjonen er i dag, anbefaler Generalsekretær og Leiar at styret går for eit fysisk møte då det vil vere fult mogleg å arrangere dette innan for dei smittevernreglane som vi har i dag. I år har vi også store og tunge saker å diskutere, i langtidsprogram, arbeidsprogram og dei lovendringane som styret har lagt fram, og det vil vere lettare å få til dette i eit fysisk møte".

Med utgangspunkt i dette, vedtok styret å gå for fysisk landsmøte i 2022.

Styret i lokal- elller fylkeslaga kan velje delegatar til landsmøtet

Grunna koronasituasjonen, vedtok styret òg å gjere eit unntak frå lova om at laget må velje kanditatar til landsmøtet anten på eit årsmøte eller eit lagsmøte:"Styret i NU vedtek å gi laga som ikkje kan få arrangert sine årsmøte eller lagsmøte før Landsmøtet til NU eit unntak frå §4, punkt 3, bokstav c i lova til NU, om at delegatar må veljast på eit årsmøte eller lagsmøte, til at styret i lokal- eller fylkeslaga kan velje delegatane til landsmøtet", heiter det frå styret.

Du kan lese meir om landsmøtet her.