Landsmøtehelga: Nynorsk og trygg samværskultur framleis sentralt i NU

Landsmøtehelga er vel gjennomført med god stemning og gode og saklege debattar.

Ordstyrarane Benjamin Myrstad og Kjærsti Gangsø gjennomførte begge møtedagane på ryddig vis, og sørgde med godt humør og slagferdige kommentarar samtidig for god stemning i salen.

To saker det har vore mykje merksemd rundt før landsmøtet, er forslaga frå styret om endring i § 9 Målbruk og § 10 Rusgift i NU-lova. Det har vore tidvis høg temperatur rundt desse sakene i diskusjonsforum i forkant av landsmøtet, men debatten gjekk ryddig og sakleg for seg undervegs i landsmøtet.

§10 Rusgifter endra til §2 Trygg samværskultur

Etter avstemming på søndag, vart den tidlegare §10 Rusgifter endra til §2 Trygg samværskultur, og har no denne ordlyden:
"1: Noregs Ungdomslag skal ha ein trygg samværskultur for alle og legge til rette for rusfrie møteplassar.

2: Alle tilskipingar på sentralt plan skal vere rusfrie.

3: Styret i Noregs Ungdomslag vedtek etiske retingslinjer som gjeld for heile organisasjonen. Styret peikar ut to verneombod".

§9 Målbruk endra til §10 Språkbruk

Etter debatt og røysting over forslag frå styret og frå BUL Ervingen, vart §9 Målbruk, endra til §10 Språkbruk, og har denne ordlyden:

1. Noregs Ungdomslag skal fremje det norske språk- og dialektmangfaldet, og har eit særleg ansvar for å verne om den nynorske skriftkulturen.

2. Tenestemålet i Noregs Ungdomslag sentralt er nynorsk.

I tillegg til desse to sakene, kom det òg eit framlegg frå BUL Tromsø om endring i §2.4 Anking av eksklusjonssaker. Ordlyden er no endra frå 

4. [...] Slike avgjerder kan ankast til årsmøtet i lokallag og fylkeslag og landsmøtet i Noregs Ungdomslag

til:
4. [...] Slike avgjerder kan ankast til styret i fylkeslag og styret i Noregs Ungdomslag.

Nytt langtidsprogram

Det blir òg jobba med eit langtidsprogram for perioden 2023-2030. Om programmet heiter det no at

"Det skal vise veg og retning for organisasjonen i åra som kjem, og sette rammer for alle ledd i organisasjonen. 

Langtidsprogrammet skal inspirere og motivere til felles løft og innsats uavhengig av kor i landet du er frå, kva aktivitet du driv med, eller kva aldersgruppe du høyrer til.

Det skal gi ei klar retning på arbeidet, og hjelpe oss med å utvikle, mobilisere og rekruttere". 

Nytt styre

Styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen vart attvald som styreleiar. 

Desse er med i det nye styret, som vart valt søndag 24. april:

Tone Mjelde (1990)                Hordaland Ungdomslag          Attval, 2 år          Politisk nestleiar/AU-medlem

Terje Svindseth (1969)           Bygdelagssamskipnaden         Ikkje på val         Org. nestleiar/AU-medlem

Irene Dahl (1971)                    Troms Ungdomsfylking            Attval, 2 år          Styremedlem/Vara til AU

Ida Haugen Skulstad (2003)   Hordaland Ungdomslag          Ny, 2 år                Styremedlem/Vara til AU

Bjørn Arve Moen (1974)        Inn-Trøndelag USL                   Ikkje på val           Styremedlem

Nina Byttingsmyr (1993)      Aust-Agder Ungdomslag          Ikkje på val          Styremedlem

 

Marit Kvamen (1993)            Hordaland Ungdomslag           Attval, 1 år           1. vara til styret

Torgeir Tønnevold Fiane (1994)Aust-Agder Ungdomslag     Ny, 1 år                2. vara til styret

Siri Mæland (1974)               Sør-Trøndelag Ungdomslag     Attval, 1 år           3. vara til styret