Landsmøte 2020

Over 70 utsendingar frå lokal- og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag var samla til digitalt landsmøte 26. september. Det var første gongen sidan 1896 at landsmøtet ikkje var fysisk saman i éin møtesal, men det la ikkje dempar på ordskiftet og engasjementet frå delegatane. 

Sak 4 skapte som venta debatt
Som venta var det sak 4: forhandlingar med Frilynt Norge som fekk flest delegatar til å teikna seg. Styret endra på sitt framlegg til vedtak under debatten, og dette framlegget fekk fleirtal under røystinga. Vedtaket vart slik:

  1. Landsmøtet ber styret om å gjennomføre ei brei og prinsipiell utgreiing om NU som organisasjon. Styret involverer lokallag og fylkeslag i prosessen med utgreiinga om NU som organisasjon. 

  2. Styret får fullmakt om å starte samtalar med Frilynt Norge.

  3. Utgreiinga om NU som organisasjon skal vere med å danne grunnlaget for forhandlingar med Frilynt Norge om ei eventuelt samanslåing av organisasjonane. Saka skal leggjast fram for landsmøtet i 2022.

Arbeidsprogram 2021 - 2022
Nytt arbeidsprogram for 2021 vart vedteke, og det kan du lese her på heimesida vår
 
Fråsegner
Landsmøtet vedtok to fråsegner / politiske utsegner, med desse temaa:
1. Rammevilkår for demokratiet
2. Hundre år med nordisk folkedanssamarbeid
Du kan lese begge fråsegnene her
 
Nyvalt styre i NU
Etter landsmøtet 26. september ser NU-styret slik ut:

Leiar (attvalt): Torbjørn Bergwitz Lauen, Bygdelagssamskipnaden
Politisk nestleiar: Tone Mjelde, Hordaland Ungdomslag
Organisatorisk nestleiar: Terje Svindseth, Bygdelagssamskipnaden 
Styremedlem (ny): Irene Dahl, Troms Ungdomsfylking
Styremedlem (ny): Bjørn Arve Moen, Inn-Trøndelag Ungdomssamlag
Styremedlem: Nina Byttingsmyr, Aust-Agder Ungdomslag 
Styremedlem: Maria Austbø, Bygdelagssamskipnaden
 
1. vara til styret: Mona Husby, Inn-Trøndelag Ungdomssamlag
2. vara til styret (ny): Jostein Apeland, Rogaland Ungdomslag
3. vara til styret (ny): Marit Kvamen, Hordaland Ungdomslag