Kven veit: Litle fuglen kvitrar igjen

Resultata for Kven veit runde to er no tilgjengelege og lista er lagd ut på verdsveven!

Etter at Songlaget Litle fuglen og Lag A i Hordalaget i Oslo delte på topp-plasseringa med 23 poeng kvar i første runde, har Songlaget Litle fuglen no rykt frå og ligg åleine på toppen med totalt 46 poeng.

Laget Jentebølgen i Skodje frilynde ungdomslag har no rykt opp til andreplass, og er det laget som har sanka flest poeng i andre runde. Dei skarpe skallane i Jentebølgen fekk heile 26 poeng i andre runde, og ligg no på 44 poeng totalt. Det er altså berre to poeng som skil første- og andreplassen etter to rundar.  

Vidare på lista kjem Lag A i Hordalaget i Oslo på tredje (43 poeng), Teaterlaget i BUL Oslo og Bøyum Camping i Fjærland ungdomslag på delt fjerdeplass ((42 poeng kvar), og Lag A i Bergen ungdomslag Ervingen, Lag A i BUL Kristiansand og Lag A i Hugnad Ungdomslag har alle tre 41 poeng, og deler dermed på femteplassen.

Heile lista for runde to kan du sjå her