Kronikk: Demokratidugnad for eit betre debattklima

Det har vore sterke reaksjonar på korleis justisministeren har opptredd i det offentlege ordskiftet. Torsdag 15. mars var det oppvask i Stortinget, med sterk kritikk og krav om orsaking. Det var ein tydeleg opposisjon som sa ifrå om at ei grense var nådd. Uavhengig av om justisministeren kjem seg unna mistillitsforslag eller ikkje, har vi ei stor oppgåve framfor oss for å sikre eit anstendig debattklima, i og utanfor Stortinget. Og denne oppgåva er for stor for dei folkevalde åleine, her har organisasjonslivet ei viktig rolle å spele.

Facebook-statusen til justisministeren er ikkje eit einskildtilfelle. Inne i Stortingssalen er det strenge reglar for debattform, og sjølv om kommentatorane var samstemte i at dette var tøffe tak, var tonen frå talarstolen sindig. Men medan dei folkevalde har lært å oppføre seg sivilisert i Stortingssalen, så har dei lett for å gløyme dette når dei kjem ut i friluft. I alle parti er det eksempel på bruk av retorikk som nører opp under frykt, hat og ekstreme haldningar. 

Usunn populisme kjem med alle fargane i politikken, og det er ikkje knytt til innvandringsspørsmål åleine. På så ulike saksfelt som energi-samarbeid i EU, forvalting av rovdyrbestand og samferdselspolitikken i Oslo er det nytta ord som løgn og landssvik, påstandar om at meiningsmotstandarane er idiotar, ikkje skulle ha rett til å uttale seg og at standpunkta deira er farlege for omgjevnadane.

Dette er påstandar som alle finn grobotn og kjem til uttrykk i sosiale media og kommentarfelt, der ytringar blir møtt med hat, hets og drapstruslar. Slike uttrykk er eit alvorleg hinder for ytringsfridomen og tilliten i samfunnet, og til sist skadeleg for demokratiet. 

Regjeringa har laga ein handlingsplan mot hatefulle ytringar, men den er lite verd når ikkje ein gong statsrådar klarer å forstå kva som krevst. Dei folkevalde har eit særleg ansvar for å gå føre med god debattkultur, både i og utanfor Stortingssalen. Debatten i Stortinget torsdag, og fremjing av mistillitsforslag syner ein vilje til større innsats. Men det er langt frå nok, vi treng fleire aktørar som tek ansvar. Dette er ei oppgåve organisasjonslivet kan og bør ta.

Det er over 150 år sidan dei første laga blei danna med formål om å ”søkje å vekkje op lite meir sans for oplysning, og vænne folk til å snakke og skrive meiningja si på ein folkeleg og forståeleg måte.” Lokale samtalelag, ungdomslag og andre foreiningar var skular i demokrati, der ein kunne lære anstendig og konstruktiv deltaking i det offentlege ordskiftet. Og det er vi framleis. På alle styremøte, lagsmøte og årsmøte må vi ta stilling til små og store saker. Ulike meiningar skal brytas og vi skal bli samde om løysingar – ansikt til ansikt. 

Vi har alle moglegheiter for å løfte opp, ikkje berre spørsmål om medlemskontingent, aktivitetar og organisering av laget, men store og vanskelege tema. Vi ikkje berre kan, men vi vi har eit ansvar òg for slike diskusjonar. Vi kan ikkje akseptere ekstreme haldningar og hatefulle ytringar, og vi må forstå at dei ikkje kjem frå ei lita isolert gruppe menneske. Dei kan finnast hos gode vener, folk du sit i styrer med og folk som høyrer deg på talarstolen på eit landsmøte.  

På same måte som organisasjonslivet for 150 år sidan gjennomførte ein nasjonal dugnad for å gjere folk i stand til å ta del i demokratiutøvinga både lokalt og nasjonalt, er det på tide med ein ny nasjonal dugnad. Ein demokratidugnad for å sikre eit betre debattklima. 

Vi må gå føre som gode døme. Vi må frå talarstolar rundt om i landet ta opp spørsmål der vi ikkje er samde, vi må øve oss på å formulere gode argument, finne kompromiss, stemme over ulike framlegg og akseptere nederlag. Det held ikkje med handlingsplanar om vi ikkje øver oss på å uttrykke og bryte meiningar. Skal vi få eit betre debattklima, då må vi debattere. Høgt, ofte – og stadig betre.

Mette Vårdal, styreleiar i Noregs Ungdomslag