Kronikk: Bunadpolitiet tek feil

Bunadspolitiet er overalt om dagen med ein kampanje som fortel at bunader sydd i utlandet ikkje er ekte. Men dei tek feil. Ein bunad sydd utanfor Noreg kan vere like fin, like ekte og av like høg kvalitet som ein som er sydd her til lands. Å vere norsk er ikkje ein eigenskap som gjer deg god til å sy bunader. Å ha norsk pass gjev ikkje grunn til å nekte andre å sy eller bruke bunad. Å vere norsk gjev deg ikkje rettane til å produsere og selje kva bunad du vil.

Bunadspolitiet er namnet på ei samanslutning av uavhengige, norske bunadsprodusentar. Dei har eit hovudmål: å merke bunader sydd i Noreg. På det viset vil dei sikre norsk produksjon og eiga næring mot konkurranse frå lågkostland. Det å sikre gode produksjonstilhøve i Noreg er viktig, og merking kan vere eit verkemiddel. Men påstanden om at ein bunad sydd i utlandet er ‘fake’, er ikkje rett. Det finst ikkje eit A- og B-lag av bunader alt etter tilverkaren sin nasjonalitet. 

Bunadspolitiet tek gitt at ein bunad, uansett opphav, er eigd av nordmenn i fellesskap. Men slik er det ikkje, bunadene er utvikla av nokon, og mange er eigd av einskildpersonar, lag eller systuer. Som alle andre produkt kan ein ikkje berre produsere det andre har utvikla. Andre bunader er meir å rekne som allemannseige, utan eit kjent opphav. Men ingen bunad er eigd av det norske folket eksklusivt.

Nordmenn er ikkje født med ski på beina eller bunadbroderi i handa. Over tid har vi gått frå å sy bunadene våre sjølve, til å kjøpe dei ferdig sydd. Produksjonen er profesjonalisert, og dei som kan bunadsaum har fått opplæring. Opplæringa ligg ikkje i statsborgarskap. Ein dyktig bunadtilverkar, enten dei er frå Latvia eller Gambia, syr betre enn den jamne nordmann. 

Dei som har rettane til å produsere bunader kan sjølve avgjere om, kven og korleis dei skal produserast. Det er opp til kvar bunadprodusent å syte for kvalitetskontroll og opplæring av handverkarane sine, også dei som sit i utlandet. Det er kvaliteten, ikkje nasjonaliteten som avgjer verdien til sluttproduktet. 

Bunaden er ein norsk tradisjon, og vi har eit særleg ansvar for å ta vare på og utvikle den vidare. Det er heilt avgjerande at det er personer i Noreg som lærer seg faget, forskar på bunaden, tilbyr utdanning og som kan leve av å sy bunader. I rapporten ‘Bærekraft i bunadsnæringa’utgjeve av studieforbunadet kultur og tradisjon i samarbeid med Norsk institutt for bunad og folkedrakt Norges Husflidslag og Noregs Ungdomslag peikar vi på utfordringar og moglege løysingar for å styrke ei ung og fragmentert næring og sikre gode vilkår for å etablere produksjon i Noreg. Vi ønskjer å gje fleire moglegheit til å få større kjennskap til eigen bunad. Å ta del i utforminga, å vere tett på dei som syr, broderer og vev, gir bunaden ein tilleggsverdi og ei historie som ikkje kan målast i pengar. Difor er det viktig å sikre at kunnskapen er tilgjengeleg og dyktige, lokale produsentar. Eksklusivitet på grunnlag av etnisitet er ikkje eit av dei tiltaka vi foreslår.

Vi håper Bunadspolitiet sitt arbeid for å styrke bunadsproduksjonen i Noreg, og kunnskap og ferdigheit i bunadssaum blir rausare. Norske bunadtilvirkarar treng gode arbeidsvilkår, men å stemple alt som ikkje er produsert i Noreg som juks er ikkje vegen å gå. Vi treng ikkje eit politi, men ein inkluderande bunadtradisjon. Alle skal med godt samvit og stor glede bruke bunaden på 17. mai, utan å stå til rette for tilverkarane sine statsborgarskap. 

Mette Vårdal, leiar i Noregs Ungdomslag