Kompensasjon for tapte leieinntekter

Har laget dykkar hus/lokale som vert nytta til kulturelle øvingsformål? 

Kulturrom, tidlegare Musikkutstyrsordningen, har satt av 7 millionar kroner til eit ekstra tiltak i samband med koronaviruset. Ordninga er retta mot kulturaktørar med ikkje-kommunale øvingsanlegg som no mistar inntektene si. Kompensasjonen er på opptil 4000 kr per månad.

Som lokallag kan de få kompensasjon for dokumenterte tapte leigeinntekter forbunde med øving for musikk, dans og teater. De kan få kompensasjon både om de har dedikerte øvingsrom i huset eller om de til dømes brukar hovudsalen til øving. 

Lokallaget kan altså bli kompensert for tapte leigetekter frå eksterne som brukar lokala dykkar til øving. I tillegg vil Kulturrom kunne gje kompensasjon til lag kor medlemmane sjølve øver til førestillingar som ville generert inntekter til husdrifta. Vi trur derfor denne ordninga kan vere aktuell for fleire av lokallaga våre med hus. 

Les meir og send søknad via heimesidene til Kulturrom!