Kom med innspel til folkedansstrategi

Vi i Noregs Ungdomslag skal i vinter utvikle ein folkedansstrategi for organisasjonen. Vi skal finne ut av kven vi er innan folkedansverda og kva retning vi ynskjer å gå i, og finne ut kva som er viktig å satse på framover. 

I samband med dette arbeidet ynskjer vi å få innspel frå våre lag og medlemer til korleis vi best kan utvikle oss som folkedansorganisasjon og kva de tenker er viktig. De sit på mykje kunnskap og tankar om kva vi treng meir og mindre av, og vi vil gjerne høyre kva de tenker.

I fyrste omgang ynskjer vi skriftlege innspel som vi kan ta med oss i starten av arbeidet. Etter kvart kan det også bli aktuelt med digitalt diskusjonsmøte for å dykke ned i kjerna av kven NU er og kor vi vil.

Alle som ynskjer kan bidra ved å svare på nokre spørsmål i dette skjema innan desember 2020: https://forms.gle/CUqrcNLrGzhepbRMA

Eit alternativ eller tillegg er også å sende innspel til solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no.

Vi set pris på alle som vil dele sine tankar, og ta gjerne kontakt med oss om de har noko de vil dele.

Strategien skal vera ferdig til februar 2021, difor ynskjer vi flest mogleg innspel innan utgangen av året 2020.