Kan vi ha fysisk møte?

I oppdateringa i nasjonale smittevernstiltak gjeldande frå 23. februar er det verdt å merke seg punktet om:

- Medlemsmøte, inkludert møte i foreiningar og liknande er rekna som arrangement.

- Det er tillatt med 20personar på innandørs arrangement kor alle sit på faste, tilviste sitteplassar.  Det vil seie at deltakarane på møtet ikkje kan bevege seg fritt mellom stolane, og du som arrangør må føre liste over kven som satt på kva stol. 

Så har de lokale som er romsleg nok til at alle kan få tilvist ein fast plass med minst to meter avstand alle retningar til neste mann, kan til dømes medlemsmøte eller årsmøtet bli gjennomført fysisk.

*oppdatering frå 25. mars

Men merkDesse råda tek utgangspunkt i nasjonale krav og anbefalingar. Det fins òg lokale krav og anbefalingar i kvar kommune, så hald deg oppdatert på kva vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til er. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen,og er de i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

Sjekkliste for ansvarleg arrangør

Skal ein gjennomføre årsmøte eller anna medlemsmøte i lag og foreiningar, reknast dette som eit arrangement. Som ansvarleg arrangør kan lag og foreiningar i teorien no samle langt fleire enn 10 personar innandørs, dersom ein følger desse råda:
 

·         Personar som er sjuke må halde seg heime

·         Unngå å samle folk frå fleire kommunar

·         Bruk påmelding med påmeldingsfrist i forkant av arrangementet slik at ikkje fleire enn det er plass til møter opp

·         Ha korte sakslister og korte møte – utsett saker som ikkje er strengt nødvendige

·         Bruk faste tilviste stolplassar under heile arrangementet

·         Størrelsen på lokalet avgjer kor mange stolar ein kan sette opp som faste plassar

·         Minst 2 meters avstand mellom stolane

·         Ved bruk av bord skal avstand ansikt-til-ansikt vere minst 1 , helst 2 meter

·         Sett på nummerlapp på kvar stol og vis personar til nummerert stol ved ankomst 

·         Noter kven som er tilstades og kva stol dei satt på

·         Opplys på førehand om at alle skal opptre som om dei er publikum på ei framsyning eller i ein kinosal og sitte i ro

·         Unngå servering som medfører mingling eller kø

·         Hugs minimum 2 meters avstand på veg inn og ut av lokalet

Arrangør er ansvarleg for kontroll og oppfølging av brot på avstandskrav og hygienereglar under arrangementet. Og igjen: Desse råda tek utgangspunkt i nasjonale krav og anbefalingar. Det fins òg lokale krav og anbefalingar i kvar kommune, så hald deg oppdatert på kva vedtaka og råda frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til er.

For meir informasjon om nasjonale tiltak, råd og anbefalingar, sjå https://www.helsenorge.no/koronavirus/