Kaffikoppens kulturelle kraft i sal no

No kan du få tak i den nye boka om lagsbruka - Kaffikoppens kulturelle kraft

Historisk oversikt over lagsbruka – forretningsverksemdene innan Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag frå 1901 til 2020

Kaffikoppens kulturelle kraft gir den komplette presentasjonen av alle dei kjente og populære kaffistovene og bondeheimane landet rundt. Det har vore skrive mykje om alt det store som er utført i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, men lite om kor dei fekk pengane frå. Nils Seland presenterer dei frilynde pengemaskinene: kaffistovene, bondeheimane og andre forretningar landet rundt. Desse «ungdomshusa i byane» var eigd av ungdomslag og mållag, og var svært viktige møtestader og pengekjelder for norskdomsrørsla lokalt, på fylkesplan og landsplan. Det var også kaffikoppens kulturelle kraft frå desse idealistiske forretningstiltaka som blei den økonomiske grunnmuren i Det Norske Teatret.

 

Trykk her for å kome til nettbutikken der du kan tinge boka.