Juniorinstruktørkurs i Ålesund (AVLYST)

Dette kurset vart diverre avlyst grunna for få deltakarar.

 

Helga 23.-25. august 2019 vert det arrangert juniorinstruktørkurs i folkedans i Ålesund med instruktør Siri Strige. Kurset er eit nasjonalt instruktørkurs som er ope for alle i målgruppa 12-18 år. Arrangør er Noregs Ungdomslag i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og Ungdomslaget Ivar Aasen. Kurset finn stad på UL Ivar Aasen si hytte, Høgda, på Emblemsfjellet i Ålesund. På hytta vert det overnatting, mat, mykje sosiale aktivitetar og sjølvsagt mange kjekke timar med kurs.  

Hugs å melde deg på innan fristen 6. august i dette skjema: www.deltager.no/juniorinstruktor.

På deltager.no-sida finn du også meir informasjon om kurset.

 

Sjå også hendinga på Facebook (trykk her) og del gjerne med aktuelle personar i målgruppa.