Jentebølgen vann Kven Veit

Vi gratulerer Jentebølgen i Skodje Frilynde Ungdomslag med imponerande sluttspurt og siger i Kven Veit 2022. Laget starta litt forsiktig med 18 poeng i første runde, men auka til 26 i andre runde, og avslutta med krutsterke 29 poeng i sisterunden! Jentebølgen vann faktisk tevlinga med 3 poeng ned til neste lag, noko som er uvanleg mykje om ein ser på resultata dei siste åra.

Tema frivilligheit

Det var styreleiar i NU Torbjørn Lauen som annonserte vinnarlaga under landsmøtet til NU 23. april. Da verken vinnarane eller dei som kapra 2. og 3. plassen var til stades under landsmøtet, var det NU-leiaren og tevlingsleiar Kristoffer Knagenhjelm som viste fram diploma, som vi sender til vinnarane.

Tema for Kven veit i år, var Frivillighetens år 2022.

Les heile saka om vinnarlaget, årets Kven Veit og sjå resultatlista her

Gå rett til resultatlista for Kven veit 2022 her