Innspel til kulturminnepolitikken

I 2020 vil regjeringa kome med ny stortingsmelding om kulturminnepolitikken. Les innspelet til Sogn og Fjordane Ungdomslag her:

Sogn og Fjordane Ungdomslag viser til utarbeiding av ny kulturminnemelding. Regjeringa framhevar at meldinga skal belyse korleis kulturminne og landskap er viktig ressursar for samfunnet og korleis de kan bidra i miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske perspektiv. Regjeringa er òg tydeleg på at kulturminnepolitikk angår alle. Vi har alle både rett og ansvar i å engasjere oss og ta ansvar for kulturminne, kulturmiljø og landskap. Vi vil her òg framheve at frivillig kulturarbeid og immateriell kultur bør få utvida merksemd i meldinga. Kvar dag legg frivillige ned eit stort arbeid for å ivareta og utvikle den fysiske og immaterielle kulturarven. 

Sentrale spørsmål er (kunnskaps) status for det frivillig arbeidet og korleis offentleg forvalting kan bli enda flinkare til å legge til rette for frivillig engasjement. Mykje av det frivillige kulturarbeidet er i skjeringspunktet mellom kulturformidling og kulturminnearbeid. Meldinga bør òg diskutere korleis ulike statlege organ kan bli enda betre på sektorovergripande samarbeid. På same måte bør ein sjå på t.d. incentivordningar (som ulike tilskotsordningar som spelemiddelordninga for lokale kulturbygg, Studieforbundet kultur og tradisjon, mva. kompensasjon osv.)

Språk og skriftspråk er viktig for identitet og felles tilhøyrsle. Dette er noko meldinga bør diskutere. Meldinga bør òg vere tydeleg på at immateriell kultur er viktig del av kulturarven. Her vil vi trekke fram arbeidet med å UNESCO nominere bunaden som immateriell kulturarv.

I Noreg er det omfattande organisasjonsarbeidet eit av kjenneteikna bak demokratiseringsprosessane i den gryande nasjonsbygginga på 1800-talet. Mykje av dette organisasjonsarbeidet tok stad i ungdomshus og lokale forsamlingshus. Både innanfor ungdomslagsrørsla og andre frivillige organisasjonar, som bedehusrørsla og losjerørsla, har det vore bygd ein rad særprega kulturbygg i landet. Berre i Sogn og Fjordane finns det over 400 lokale kulturbygg. Dette er bygg med både høge arkitektoniske kvalitetar, men òg viktig dokumentasjon om demokratiseringsprosessar, mållagsrørsla, lågkristeleg organisasjonsarbeid mm.

Desse husa er framleis viktige som arena for frivillig kulturarbeid og utøving av dans, teater, bunadsarbeid, og anna kulturarbeid. Det er viktig å ivareta desse husa og utvikle dei vidare. Mange av husa er og midtpunkt i grender og bygdelag og fungerer som motvekt til sentralisering. Dei bidreg òg til auka bulyst i distrikta.

Dette er hus som speler og har spelt ein betydeleg rolle i utviklinga av det norske samfunnslivet. Drøfting av desse husa bør difor ha ein naturleg plass i kulturminnemeldinga.

Det nasjonale leddet av Noregs Ungdomslag stiller seg bak dette innspelet.

 

 

OM SOGN OG FJORDANE UNGDOMSLAG

Sogn og Fjordane Ungdomslag er del av Noregs Ungdomslag stifta i 1896. Som del av ein leiande kulturorganisasjon i Noreg har vi ansvar for å ta vare på og fornye den tradisjonelle folkekulturen. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) vart skipa i 1991 etter at Sogn Ungdomslag, Firda Ungdomslag og Sunnfjord Ungdomslag slo seg saman til eit fylkeslag. I fylket har vi i dag underkant av 40 lokallag. SOFUL er bindeledd mellom Noregs Ungdomslag (NU) og desse lokallaga i Sogn og Fjordane. 

Som del av ein landsdekkjande organisasjon dekker vi frivillig kulturarbeid og bidreg med kursverksemd innan folkedans, folkemusikk revy, teater, idrett og andre typiske klubbaktivitetar for folk i alle aldrar. Einskilde lag i fylket har òg ansvar for kinodrift, som til dømes Balestrand Ungdomslag og Fjærland Ungdomslag. 

SOFUL er òg viktig for ivaretaking av nynorsk gjennom publiserings- og mediearbeid og anna kulturelt arbeid for å ivareta nynorsk som skriftspråk.

SOFUL etablerte ordninga Huset i Bygda (HiB) i 2010. Formålet med HiB er å hjelpe, støtte og inspirere alle formar for organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. Slik voner SOFUL og HiB å medverke til å skape meir synlege, sterkare og relevante kulturbygg med allsidig og inkluderande aktivitetar og tilstellingar.