Huset i Bygda Trøndelag har samling under fagdagar 17. september

Stiftinga Hilmar Alexandersen arrangerer fagdagar 17.-18. september, med mykje spennande på programmet.

Her skal òg Huset i bygda Trøndelag ha ei fagsamling, som verkeleg skal få fart på prosjektet i fylket. På fagsamlinga skal frivillige lag og foreiningar som eig sitt eige hus, få ein stad å møtast, diskutere og få fagleg påfyll og støtte til arbeidet sitt. Å skrive gode søknader, er eitt av temaa undervegs, med deling av praktiske tips og gode råd. Det blir òg eit besøk med befaring på ungdomshuset Gildevangen i Ogndal.

Det er stiftinga Hilmar Alexandersen som er prosjektleiar for Huset i bygda i Trøndelag, med Torunn Hernes Bjerkem som prosjektleiar. 

– Vi skal samarbeide om å registrere alle husa inn i ein felles database. Denne skal gi grunnlag for eit større landsdekkande faktagrunnlag om organisasjonseigde hus. Prosjektleiaren tar for seg eit lite antall kommunar systematisk, men alle organisasjonseigde hus i heile fylket er velkomne til å henge seg på prosjektet om dei tar initiativ til dette sjølve. Hilmarstiftinga er prosjektleiar i Trøndelag og vi ser at vi kan få stor nytte av kvarandre gjennom dette samarbeidet, seier Hernes Bjerkem.

Fagsamlinga til Huset i bygda er 17. september frå klokka 09.00-16.00. Samlinga startar på Tingvold Park Hotell i Steinkjer klokka 9, og det blir befaring til Gildevangen, Ogndals storstove mellom 14-16.

Her finn de heile programmet for fagdagane i regi av Hilmarstiftinga

Les meir om Huset i Bygda i Trøndelag her