Høyringssvar om frivilligheitsmeldinga

Tysdag 19. februar var det høyring i kulturkomiteen på Stortinget om den statlege frivilligheitspolitikken og frivilligheitsmeldigna (Meld. St. 10 (2018-2019som vart lagt fram i desember. Les høyringssvaret til vårt her:

Det frivillige feltet er i endring, og vi ser positivt på at Regjeringa vil fortsetje å drive forsking på frivillig deltaking, rammevilkår og utvikling av frivilligheita.Kulturalliansen sitt nystarta prosjekt om å dokumentere og få tilstandsrapportar frå kulturbygg som frivillige organisasjonar driftar eller brukar, vert peika på som eit viktig tiltak. Vi stiller oss heilhjarta bak dette initiativet då det passar godt saman med kartleggingsprosjekta våre Huset i Bygda og NU Kulturformidling. 

For å nå dei frivilligheitspolitiske måla om Brei deltaking, ein sterk og uavhengig sektor, forenklingsreform og ein samordna frivilligheitspolitikk, meiner vi det er naudsynt å gje organisasjonane tillit via varige driftsmidlar for å sikre føreseielege rammer for organisasjonsaktiviteten. Vi opplever at laga våre må bruke meir og meir krefter på administrativt arbeid som søknadsskriving og rapportering. Midlane gjeld ofte kortvarige og snevre prosjekt, medan behova dreier seg om dagleg drift og faste aktivitetar. Det tærer på motivasjonen til frivillig aktivitet når ein ikkje klarer å hente inn midlar til det ein behøver mest. Den administrative arbeidsmengda gjer også at mange vegrar seg for å ta på seg verv som er viktig for den demokratiske skulen som dei frivillige organisasjonane utgjer. Vi ønskjer derfor at meir av prosjektmidlar skal gjerast om til driftsmidlar.

Vi har allereie ei enkel og rettferdig ordning som fungerer godt og må styrkast. Vaksenopplæringsmidlane. til studieforbunda utgjer enkle og gode ordningar som treff breitt. Vi kan ikkje understreke nok kor viktig desse midlane er for aktiviteten i laga våre.Vidare er momskompensasjonen viktig for både drift og aktivitet. Regjeringa ønskjer å trappe opp momskompenasjonsordninga ogtalfester målet til 1,8 milliardar i 2021 mot 1,32 milliardar i 2017. Dessverre er målet er altfor lågt for å nå full kompensasjon. 

Mangelen på full momskompensasjon skapar uføreseielege rammer for oss og laga våre, spesielt når vi ikkje får vite avkortinga og tildelingsbeløpet før i desember. For våre lag med 300 hus det også ei ekstra utfordring at utgifter til investeringar og oppgradering av fast eigedom ikkje gir kompensasjon. Det gir ikkje meining at det berre er idretten sine bygg og anlegg som får momskompensasjon. Regjeringa viser til krav frå frivillig sektor, utanom idretten, at ei tilsvarande ordning må innførast for alle organisasjonseigde bygg. Det er openbart for oss, for utan hus blir det lite og ingen aktivitet same kva ein held på med. Vi er med på at det må gjerast ei utgreiing for kostnadane for å innføre ei ordning for alle organisasjonseigde bygg.  Det vi ikkje er med på, er påstanden på side 60: «Dersom ordninga skal utvidast til å gjelde alle kostnader knytte til nybygg og påkostningar, vil ein betydeleg del av løyvinga gå til dette formålet på kostnad av aktivitetsformål». Påstanden stemmer ikkje. Rehabilitering og nybygg går IKKJE på kostnad av aktivitetsformål, tvert imot! Eit godt dansegolv utgjer sjølve grunnlaget for aktiviteten,  heilt bokstaveleg. Regjeringa får heller auke potten, såpass det er midlar både til aktivitetsformål og til å halde i stand bygga som husar aktiviteten. 

Vi registrerer også at regjeringa ikkje vil innføre eit nasjonalt fritak for eigedomsskatt for organisasjonseigde bygg, men at kommunar skal bestemme dette sjølve. Vi meiner derimot at eit nasjonalt fritak er den minst byråkratiske og mest rettferdige løysinga for alle. Kort og godt: Noregs Ungdomslag ber komiteen sikre gode, breie, føreseielege og rettferdige stønadsordningar som er like for heile frivilligfeltet.

Noregs Ungdomslag viser til følgjande merkeforslag frå Frivilighet Norge: 

  • Komiteen viser til Regjeringa sin opptrappingsplan for momskompensasjonsordninga og understreker at denne må reknast som ein minimumsplan. På sikt må målet framleis vere at ordninga vert fullfinanisert. 
  • Komiteen ber Regjeringa fremje ei sak for Stortinget om korleis ein kan sikre ei meirverdiavgiftskompensasjonsordning som er rettsfesta, fullfinansiert og som inkluderer kompensasjon for meirverdiavgift knytt til investeringar og oppgraderingar av bygg og anlegg.
  • Komiteen ber Regjeringa utgreie dei negative konsekvensane av eigedomsskatt for frivillige organisasjonar, vurdere eit nasjonalt fritak for organisasjonseigde eigedommar og anlegg, og kome tilbake til Stortinget med dette på ein eigna måte.