Haustens instruktørkurs

Noregs Ungdomslag skipar til grunnleggande instruktørkurs i haust, både i Lakselv og Bergen. Instruktørkursa er ein fin arena for dansarar og instruktørar til å bli tryggare som instruktørar, få påfyll og inspirasjon til dansar, metodar og opplegg for å halde liv i aktiviteten lokalt. Kursa er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer og det er ikkje eit krav om at ein må ha instruert før eller at ein treng å instruera i ettertid.

 

Lakselv 26.-27. oktober

Påmeldingsfrist er torsdag 10. oktober.

Trykk her for å kome til påmeldingsskjema.

 

Bergen 30. november-1. desember

Påmeldingsfrist er 14. november.

Trykk her for å kome til påmeldingsskjema.

 

2020

Kursa til neste år er under planlegging no i haust, så kom gjerne med innspel til stader og tema for desse kursa.

Det vert i alle høve kurs 18.-19. januar i Skjetten med Vegar Vårdal (under SAFFA-kurset) i tillegg vert det kurs under NU-helga 25.-26. april i Oslo.