Har du spørsmål om midlar til vaksenopplæring?

I førre veke heldt Liv Skogstad Mikalsen i Studieforbundet kultur og tradisjon kurs om vaksenopplæringsmidlane.

Under kurset snakka Mikalsen om kva som blir definert som opplæringsaktivitet i lokallaget, og om korleis ein kan søke om økonomisk støtte til å halde desse aktivitetane. Ho gav òg ei innføring i den nye Kursportalen, det digitale verktøyet for søknad og rapportering av opplæringsaktiviteten.

Det var 17 personar som var med på kurset.

Om du ikkje fekk med deg webinaret, eller sit med spørsmål etter å ha vore med, så minner vi om at du kan ta kontakt med Studieforbundet Kultur og tradisjon og spørje.

Du kan anten ringe dei på telefon 61 21 77 50, eller sende mail til post@kulturogtradisjon.no. Da er Tone Heskedal, Liv S. Mikalsen eller Kristin T. Stasviken der for å hjelpe deg!
 
Du kan òg lese meir om ordninga på desse nettsidene:

https://www.kulturogtradisjon.no

https://www.ungdomslag.no/sok-pengar/tilskot-til-opplaering/