Full momskompensasjon til frivillig arbeid

Det blir full momskompensasjon for frivillige organisasjonar i 2022. Midlane blir utbetalt før jul og vil bidra til at fleire organisasjonar kan legge til rette for dei som har det særleg vanskeleg no, heiter det i ei pressemelding frå regjeringa.

– Frivillige organisasjonar står på kvar dag for dei som treng det mest, derfor gir vi eit skikkeleg løft til Det frivillige, idretten og kulturen ved å styrke den viktigaste ordninga for sektoren, nemleg momskompensasjonsordninga. Med dette sikrar vi at det blir full momskompensasjon også i år, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i pressemeldinga.

I fjor var første gong sidan ordninga vart etablert at organisasjonane fekk utbetalt heile det godkjente søknadsbeløpet. Midlane er frie og det er ingen krav om rapportering på dei. 

Fleirtalet av dei 22 000 organisasjonane som mottar midlar frå ordninga er små lokale lag og foreiningar.

Regjeringa har foreslått å tilføre 154 millionar kronar til ordninga for å sikre full momskompensasjon i 2022. Frivillige organisasjonar har søkt om kompensasjon på til saman 2 077 millionar kroner i 2022. Søknadene er baserte på rekneskapstal for 2021.