Fråsegn: Mindre plast for eit levande lokalmiljø!

Fråsegn vedtekne på landsmøtet i Noregs Ungdomslag 29. april 2018
 

Mindre plast for eit levande lokalmiljø!

Noregs Ungdomslag er ein organisasjon som arbeider for gode og livskraftige lokalsamfunn i heile landet. Landsmøtet i Noregs Ungdomslag har med bakgrunn i dette ei oppmoding til lokallaga i organisasjonen: Ta del i den nasjonale dugnaden for å gjere samfunnet mindre plastavhengig!

I dei siste åra har me sett at merksemda kring plastforureining har auka, samstundes som den faktiske plasten i fjordane, langs strandkanten og på øyane våre har auka i omfang. I 2017 vart me sjokkerte når forskarar fann 30 plastposer i magen på ein avliva kval, og i 2018 fekk me servert bilete av øyar som drukna i plast langs Norskekysten. Den enorme plastforureininga er eit verdsomspennande problem som krev verdsomspennande løysingar. Det betyr likevel ikkje at me må sitte og vente på at noko skal skje, og me i ungdomslaga kan gjere ein forskjell.

Fleire ungdomslag er allereie i gang med å vere med på strandryddedugnadar eller ryddeaksjonar langs vegstrekningar. Dette er gode tiltak som kan hjelpe lokalmiljøet til å resirkulere plasten, men òg for å skape eit godt miljø for dyra som ferdast i naturen. Plast i naturen er ikkje berre miljøskadeleg i seg sjølv, men er eit trugsmål mot dyr og andre som har den naturlege tilhaldsstaden sin i desse områda. 

Ungdomslaga er òg forbrukarar av plast, både som lag og som huseigarar. Eitt bidrag til den nasjonale dugnaden kan vere å bli flinkare til å velje plastfritt, og å resirkulere den plasten me har. Med få grep kan me som ungdomslag vere ein viktig bidragsytar til å gjere samfunnet meir miljøvenleg. 

Eit levande lokalmiljø kjem ikkje av seg sjølv, det er avhengig av at nokon bidreg. Bruk humor, kreativitet, galskap og fantasi for å skape rom for nye aktivitetar som vil gjere lokalmiljøet meir miljøvenleg.

Forslag til tiltak: 

  • Ta initiativ til eller vere med på ein ryddeaksjon der de samlar inn plast og søppel i nærområdet til ungdomslaget. 
  • Vel produkt utan plastemballasje når de kjøper inn varer til ungdomslaget. 
  • Sortere og resirkulere plast som ungdomslaget har brukt. 
  • Lag ein konkurranse mellom medlemmane i ungdomslaget om kven som klarer å samle inn mest søppel i naturen.