Fråsegn: Evaluer spelemiddelordninga

Fråsegn vedtekne på landsmøtet i Noregs Ungdomslag 29. april 2018

Evaluer spelemiddelordninga

Dei organisasjonseigde kulturhusa, ungdomshusa, grendahusa, samfunnshusa og bygdehusa er levande kulturarenaer, som i stor grad finansiert med dugnad og frivillig innsats. Samstundes er det krevjande og vedlikehalde og utvikle desse husa vidare. Her har spelemiddelordninga for lokale kulturhus ei viktig rolle.

Dei siste åra har spelemiddelordninga for lokale kulturhus gradvis blitt svekka. I perioden 2013-2017 har denne ordninga blitt kutta frå 135 mill. kr til 47 mill. kr. Søknader til private tilskotsordningar har i same periode auka kraftig. 

T.d. fekk Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si tilskotsordning for lagseigde kulturhus i 2017 inn 20 søknader på til saman 2,4 mill. kr, medan det i 2018 kom inn 73 søknader på totalt 8 mill. kr.Dette er ein auke på 230% i søknadsbeløp. Dette er ikkje unikt for Sogn og Fjordane. Behovet er likt for heile landet, og viser at det er stort behov for tilskot. Vi kan ikkje forventa at dette skal dekkast av private aktørar. 

Noregs Ungdomslag ber regjeringa gjennomføre ein evaluering av spelemiddelordninga for lokale kulturhus. Formålet med evalueringa må vere å avdekke kva konsekvensar endringane har medført for dei lokale kulturhusa og korleis ein eventuelt kan betre ordninga slik at dei organisasjonseigde kulturhusa kan halde fram med å spele ein viktig rolle i lokalsamfunna.