Framlegg til nytt langtidsprogram for Noregs Ungdomslag

På landsmøtet i april skal det bli vedteke eit heilt nytt langtidsprogram for Noregs Ungdomslag. Programmet skal gi retning på arbeidet i heile organisasjonen.

Det blei satt ned eit utval i sommar, som skulle jobbe med programmet. Utvalet har bestått av Morten Nilsen frå Nordland, Synnøve Jørgensen frå Rogaland, Torbjørn B. Lauen frå styret og Mona Husby frå kontoret. I haust og vinter har det vore arrangert innspelsmøte både digitalt og fysisk, og medlemmar, lokallag og fylkeslag har vore oppmoda om å sende inn tankar og innspel.

Med utgangspunkt i dei innkomne framlegga og eigne diskusjonar, har utvalet no skrive ferdig sitt endelege framlegg.

Vi oppmodar no medlemmar og lag om å sende inn konkrete endringsframlegg til styret. Framlegget til langtidsprogram frå styret blir sendt ut med sakspapira i mars. Dette blir grunnlaget for ein god diskusjon på landsmøtet i april.

Viktige datoar:

  • 24. januar: Framlegget frå utvalet blir sendt på høyring.
  • 25. februar: Frist for å komme med høyringssvar til styret.
  • 22. mars: Framlegget frå styret blir sendt ut saman med landsmøtepapira.
  • 22.-24. april: Landsmøte

Les framlegget til nytt langtidsprogram frå utvalet her.