Engasjerande bygdamøte på ungdomshuset Fellesheimen i Valnesfjord

Vi på NU-kontoret set alltid pris på telefonar frå lokallaga våre, slik som vi fekk frå leiaren av UL Framsyn, eit lag som held til litt utanfor Bodø. Styret i laget ønskte å invitere bygdafolket til møte i ungdomshuset for å diskutere bruk av huset og kva aktivitetar som var ønskjeleg å ha i laget.

UL Framsyn har ein lang og spanande historie. Laget vart starta i 1915, men fekk først i 1931-32 eige hus, saman med losje Regnbuen. Fellesheimen er  faktisk tufta på restane av eit brannskadd Folkets hus i Bodø. Laget kjøpte huset på rot og fekk skipa det til Valnesfjord. Under krigen vart Fellesheimen brukt av okkupasjonsmakta og frigitt i 1945. Etter dette gjekk det litt opp og ned med aktivitetane i begge laga og huset vart til slutt leigd ut til Forsvaret, fram til 1980. På slutten av 1970-talet auka aktivitetane i UL Framsyn og dei tok over eit nedslite ungdomshus frå forsvaret. Huset vart først tatt i bruk i byrjinga av 1985 etter omfattande dugnadsinnsats. Laget reknar med at dei sidan 1980 har brukt rundt 14 000 timar dugnad på huset, mens hovudaktiviteten i laget alltid har vore folkedans.

Frå Noregs Ungdomslag deltok rådgjevar for kulturbygg, Christoffer Knagenhjelm og frå Nordland Ungdomslag deltok styremedlem og kasserar Janne Lise Benjaminsen. Møtet vart godt leia av Børge Os og av leiar av laget, Karl Martin Johansen. Førstnemnde må kallast «husfaren» i laget. Han har nemleg hatt ansvar for utleige og stell av huset i 15 år!

Totalt møtte det i overkant av 30 personar, noko som må seiast å vere eit godt oppmøte. Ikkje minst var stemninga god. Siste del av møtet vart via kafédialog. Her var tema m.a. anna aktivitetar og UL Framsyn om 10 år. Her kom det fram mange gode forslag til aktivitetar. Ikkje minst fekk laget både nye medlemmar og det var fleire som meldte seg frivillig til dugnad på huset.

Avslutningsvis kom det òg ein erkjenning frå styret, slike møte skulle ein ha arrangert tidlegare! Dette kan òg tene som ei oppmoding til andre lag. Saknar de entusiasme rundt laget? Vær tydeleg og engasjer bygdafolket i planlegging av tiltak og aktivitetar. Ha ein plan for t.d. dugnadsinnsats. Kanskje kan ulike husgrupper vere ein måte å auke engasjementet? Ikkje minst kan idédugnad eller kafédialog kan vere ein effektiv, morosam og inkluderande arbeidsmetode for å komme fram til idear eller aktivitetar som alle deltakarane kan gje sin tilslutning til.