Endring i pallplasseringane i Kven Veit?!

Nok ei tevlingsrunde med Kven Veit? er vel gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat etter fristen. Vi har gått gjennom svare og kan no avsløre kven som ligg heilt i teten når det berre er igjen ei runde av kunnskapstevlinga. 

Etter første runde var det heile fire lag som kunne dele på førsteplassen. Desse var Fjærland UL Bøyum Camping, Jondal UL Mariannes venner, Hellesylt UL (lag B) og Rossabø Folkedanslag (lag A). Alle sanka imponerande 28 poeng. No som andre runde er gjennomført har det skjedd nokre endringar i teten og det er berre eitt av desse fire laga som framleis har ein fot på pallen. 

Øvst på lista etter to tevlingsrunder finn vi no BUL Oslo - Songlaget med heile 52 poeng. På andreplass, med 49 poeng finn vi Hugnad UL Torpo, med BUL Stenkjer Dansarane og Jondal UL Mariannes venner hakk i hel.

I år er det 71 tevlingslag med og det er mange av desse som kan vere med å kjempe om dei gjevaste plasseringane når tredje runde no er i gang. Fristen for å levere inn resultata etter siste runde er 19.april og på Landsmøtet 29.april blir vinnarane kåra. 

Samla resultatliste så langt finn du her: Resultat runde 2 Kven Veit? 2023