Endeleg klart for HAVLEIKUR på Færøyane!

Heilt sidan 1920 har det vore arrangert nordiske folkedansstemne gjennom Nordlek-samarbeidet, med deltakarar frå alle dei nordiske landa. Til saman har over 60 større og mindre stemne funne stad på desse drygt 100 åra med nordisk folkedanssamarbeid. 

No er det på nytt klart for stemne, og denne gongen er det Sláið Ring på Færøyane som inviterer dei andre nordiske landa til HAVLEIKUR. 

Over 120 deltakarar frå Noreg

Over 120 dansarar og musikarar frå Noreg skal reise til folkedansstemnet HAVLEIKUR på Færøyane og Tórshavn. Desse har fire dagar med dans, framsyning, utflukter, song, foredrag og kulturaktivitetar å sjå fram til, saman med deltakarar frå Danmark, Finland, Grønland, Island, Sverige og vertslandet Færøyane. 

Det vil bli lite tid til søvn og avslapping for deltakarane. I programmet er det nemleg lagt opp til dans til langt på natt, og på dagtid skal ein fylle tida med opplevingar, framsyning, kurs og sosialt samvær. Det er mykje spennande på programmet, og viss du vil sjå kva som skal skje under stemnet, kan du finne programmet her:

sr.fo/havleikur-2022/;

Nordisk sommarleir for ungdom før stemnet

I forkant av stemnet, blir det tre dagar med nordisk sommarleir for ungdom, der åtte deltakarar frå Noreg er med. Under leiren er det mykje fokus på dans gjennom workshops, der ungdommane har høve til å lære av kvarandre. I tillegg er det lagt opp til utflukter og sosiale opplevingar som er med på å skape gode minne og danse-vennskap for livet.

Tidlegare deltakarar fortel at det er ein veldig fin måte å bli kjent med dansarar på same alder som seg sjølv, som blir med vidare på festivalen. Dette legg til rette for eit trygt og morosamt miljø for ungdommane på resten av festivalen. Det er òg lagt opp til at ungdommane skal på utflukt saman under festivalen.

På Færøyane for fjerde gong

Dette er fjerde gong at eit Nordlek-stemne finn stad på Færøyane. Sist gong var under barnestemnet BARNLEK i 2017, og sist gong det var invitert til HAVLEIKUR, var i 2008. Neste år blir det igjen invitert til barnestemne, med BARNLEK 2023 i Lerum i Sverige.

Du kan lese meir om barnestemnet i Lerum her:
www.ungdomslag.no/det-skjer/folkedans/nordlek-og-cioff/nordlek/barnlek-2023/

Håper deltakarane blir med til Arendal i 2024

Mange av dei som no reiser til Færøyane frå Noreg, er røynde stemnedeltakarar, og kan skryte av album fulle av minne og ein garderobe full av t-skjorter frå tidlegare stemne. Andre deltakarar reiser på sitt aller første Nordlek-stemne.

Ein får håpe at dansen og stemnet fell i smak, og at mange av deltakarane også finn vegen til Arendal i 2024, der vi i NU skal arrangere både nordisk sommarleir og NORDLEK 2024.

Du kan lese neir om NORDLEK i Arendal i 2024 her: www.nordlek2024.no/