Ekstraordinær utlysing av gjesteinstruktørkurs til laga!

Det er enno mogleg for fire medlemslag å halde kurs med gjesteinstruktør dette året.  Vi oppmodar no lag som ynskjer å arrangere eit kurs innan utgangen av 2020 til å ta kontakt med oss på NU-kontoret for å sjå på moglegheiter for å få til eit kurs. 

Kurset kan skje digitalt eller ha fysisk oppmøte, eventuelt vera ein kombinasjon. (Sjå tips om digitale kurs her hos Studieforbundet Kultur og Tradisjon her!)

Vi ynskjer at kursa kan ha dei tema som dykkar lag har behov for så lenge vi klarar å finne ein instruktør som er tilgjengeleg for oppdraget. Nokre idear til tema kan t.d. vera: danseteknikk med avstand, halling, linedance, song, teoretiske kurs om dans/teater/musikk/organisasjon osb., korleis tolke arkivopptak av dans/musikk, skriving av manus eller sketsj, utvikle ein karakter, stemmebruk, forteljarteknikk, impro eller andre tema som de ynskjer.

Gjesteinstruktørkurs går føre seg på denne måten:

  • Laget tek kontakt med Noregs Ungdomslag og legg fram kva kurs dei ynskjer.
  • Laget og NU blir einige om ein mogleg instruktør og mogleg dato for kurset.
  • NU kontaktar instruktør og gjer avtale med denne, samt ordnar med reise, overnatting og utbetaling av honorar.
  • Laga betalar ein eigenandel på 5000,- til NU som dekker honorar, reise og opphald for ein instruktør.
  • Laget er sjølv ansvarleg arrangør for kurset og må stå for lokale, praktisk gjennomføring, deltakarpåmelding, økonomi osb.
  • Kurset må skje i samsvar med gjeldande smittvernreglar, laget er smittevernansvarleg, men NU kan vera med å gje råd.
  • Laga må søke og rapportere til Studieforbundet kultur og tradisjon om kursstønad (dersom kurset oppfyller krava om minst 4 kurstimar, deltakarar over 14 år osb.: sjå www.kulturogtradisjon.no). 
  • Kurset må avviklast innan utgangen av 2020.

 

Ynskjer ditt lag eit kurs i løpet av 2020? Ta kontakt med oss på post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no, så ser me kva me kan få til. 

(PS: Her gjeld prinsippet om å vera fyrst ute).

 

Ordinær utlysing av kurs for fyrste halvdel av 2021 kjem i november/desember 2020.