Ein bunad for alle

Høgsesongen for bunadsbruk er om hjørnet. Garva og aspirerande buandsbrukarar prøver å orientere seg i eit virrvarr av reglar og synseri om kva bunad ein skal ha og kvifor, av kven bunaden skal syast og kvifor, og ikkje minst – kva ein skal ha av tilbehør og kvifor. Det er ikkje lett, og iallfall ikkje når ein risikerer å bli fnysa etter av betrevitarar nesten uansett kva ein går for.

Noregs Ungdomslag, ein organisasjon med over hundre års erfaring i bunadsglede, synest no det er på tide å gire ned bunadsstresset. Vi vil ha gleda med bunaden tilbake! Vi har utforma ein pamflett for å knuse nokre mytar ikring bunadsbruk.

Sju bunadsmytar:

1. «I gamledagar tok dei det dei hadde, så difor kan eg ta det eg har å bruke til bunaden min»

Ja, sjølvsagt kan du det. Men dersom du ønskjer å ha ein bunad som liknar på dei historiske førebileta, så held ikkje dette argumentet. Dei hadde ikkje så mykje å velje mellom før, og dei hadde eit heilt anna syn på kva som var stygt og pent, og kva som passa seg og var sømmeleg. Så sjølv om du kan gjere som du vil, så vil du truleg også endra bunaden din vekk frå det historiske opphavet. 

2. ”Ein kan ikkje bruke sminke, solbriller, 17. maisløyfe eller klokke til bunaden” 

Sludder og vås. Det finst ikkje noko sminke eller moderne tilbehør som høyrer med til bunaden, sjølv om kreative sjeler har laga både paraply, slips og hårpynt. Bruk det du likar eller treng. 

3. ”Alle må ha hovudplagg til bunaden” 

Må vi det? Dei aller fleste bunader har tilhøyrande hovudplagg, forseggjorte og tradisjonsrike. At tilbehøyret finst, betyr ikkje at ein treng å sy, kjøpe eller bruke det. 

4. ”Ein må ha bunadsko og svarte strømper til bunad” 

Nei, det må ein ikkje. Bunaden brukast ofte på dagar ein skal stå og gå mykje, og då er det betre å velje gode sko anten det er bunadsko, joggesko eller sandalar. Dessutan finst det både strøm- per i alle slags fargar, og alle kan vere fine til bunaden. 

5. ”Skjorta skal ha strykekant” 

Det kan den jo ha, men det er sannelig ikkje lett å unngå skrukkete linskjorter. Det kjem av at linfibrane er stive, og stivare blir dei av stryking. Dei knekk og lager skrukkar på skjorta så fort du ser på dei. Skjorta held seg lenger om du ikkje bruker for mykje varme på strykejarnet. 

6. ”Ein kan ikkje feste i bunad” 

Nei tenke seg til, ein må stå skulerett heile dagen! Sjølvsagt kan ein ha det moro i bunad. Vi vil oppmode til generell folkeskikk, men det gjeld alle, med og utan bunad på.

7. ”Du brukar bunaden feil” 

Bunadpolitiet kjem! Det kan hende du får høyre av nokon som meiner dei har rett til å fortelje deg at i deira auge, så bruker du bunaden din feil. Da kan det være greitt å minne dei på at sjølv- oppnemnt bunadpoliti ikkje har noko myndighet eller sanksjonsmoglegheit, og du kan gjere nett som du vil. Bunaden er mangfaldig, hald fram å bidra til mangfaldet. 

Les resten av bunadspamfletten "Ein bunad for alle" her!