Desse er i teten i Kven Veit

Etter at fristen for å sende inn svar frå første runde av Kven Veit gjekk ut, har det vore nøye teljing og vurdering av svar for den som har vore ansvarleg for å summere resultata. Det skulle vise seg å bli tett i tet, og nesten så nervepirrande som det kjende månekappløpet nokre tiår tilbake i tid! (ja, de veit nok kor mange år tilbake i tid, etter å ha finstudert studieheftet!)

Denne gongen har heile fire lag karra seg til topps med same sum. Både Fjærland UL Bøyum Camping, Jondal UL Mariannes venner, Hellesylt UL (lag B) og Rossabø Folkedanslag (lag A) har sanka imponerande 28 poeng i første runde av kunnskapstevlinga. 

Etter desse, har BUL Oslo Songlaget sanka 27 poeng og eitt hakk ned, kjem det heile sju lag som har hamna på 26 poeng. Etter det har seks lag endt opp med 25 poeng. Her har det altså vore hårfine marginar i kunnskapen som har skilt laga.

No er laga godt i gang med andre runde, og resultata frå runde nummer to blir publiserte 29. mars. Her har vi ein mistanke om at spørsmåla nok har vore hakket vanskelegare. Men Kven Veit før resultatet er klart – den som følger med, får sjå!  

Heile resultatlista frå runde ein, finn de her.