Delta på undersøking om kulturen i organisasjonen

Analysebyrået Opinion gjennomfører for tida ei spørjeundersøking på vegner av Noregs Ungdomslag (NU), FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff). 

Formålet med undersøkinga er å finne ut av omfang og førekomst av uønskt og grenseoverskridande åtferd i fdei tre organisasjonane sine miljø. Dette inkluderer aktivitetar som teater, dans, kor, hus, musikk, idrett, bygdearrangement osv. Spørjeundersøkinga har også spørsmål om korleis du opplever kulturen og miljøet i organisasjonen din meir generelt.

Det er viktig at så mange som mogleg av våre medlemer i NU svarer på undersøkinga, heilt uavhengig av om ein har opplevd uønskte hendingar eller ikkje. Det er slik vi får eit mest mogleg riktig bilde av kulturen og miljøet i organisasjonane. Vi håpar du vil ta deg tida til å delta, det tar omtrent 6–7 minutt å svare på undersøkinga. 

Alle medlemer med registrert e-postadresse i Hypersys (over 16 år) har i desse dagar fått e-post frå Opinion med lenke til undersøkinga. Har du ikkje motteke slik e-post ta kontakt med oss, så skal vi sende lenka direkte. E-posten kan også ha havna i søppelboksen, så sjekk den også. Dersom du ikkje har motteke e-posten er dette ei gylden moglegheit til å sjekke med lokallaget ditt om du er registrert med e-postadresse i Hypersys eller ikkje. 
   
Opinion vil sikre at alle svar blir anonymiserte, og at alle data blir behandla konfidensielt. Ingen enkeltsvar eller svar som gjer det mogleg å identifisere enkeltpersonar, blir vidareformidla til NU, FolkOrg eller Sff. Vi slettar e-postadressa di når databehandlinga er ferdig og rapporten levert.
 
Tusen takk for at du bidreg til ei viktig kartlegging.