Del ditt minne som NU-medlem

Noregs Ungdomslag vart skipa i 1896 og fyller difor 125 år i 2021. Gjennom alle desse åra har lokale ungdomslag over heile landet drive med aktivitet for unge og gamle.

Nokre lag har hatt eige ungdomshus der dei har invitert inn til dansefestar, tombola, sommarfest og filmvising, medan andre ungdomslag har drive sin aktivitet utandørs, på skular, heime i stova eller i hoppbakken. 

NU ønskjer å markere jubileet vårt med å få tak i alle gode historier  og minne frå ungdomslaget. Vi vil høyre kva du har opplevd, anten du har vore medlem av lokallaget heile livet eller du har vore på eitt arrangement. Kanskje tek du oss langt tilbake i tid, eller kanskje du vil dele noko som du opplevde i fjor? 

Vi sett stor pris på alle bidrag. Du kan anten svare anonymt eller med namn. Bidraga vil bli lagra i arkiv i tillegg til at dei kan bli brukt til å synleggjere aktivitet som har vore i ungdomslaget gjennom kanalane til Noregs Ungdomslag.

LES MEIR OG DEL MINNE HER!