Bygdefest i byen!

Laurdag 29.april blir det fest, dans og levande lokalkultur i lokala til BLS heile kvelden!

I samband med Landsmøtet i Noregs Ungdomslag inviterer vi til fest med dans i fleire salar til god og variert musikk heile kvelden. Festen er ein del av landsmøtehelga til NU, men er open for alle. Arrangementet er i samarbeid med Leikarringen Frøy.

Flatlusa Spelemannslag spelar tradisjonell folkemusikk du kan danse det du ønskjer til, medan 4-Hire tek seg av bygdefeststemninga og gir oss variantar av swing, country og rock. Samstundes spelar eit utval folkemusikarar opp til bygdedans, turdans, songdans og runddans i den andre salen.

Vi har også tenkt på deg som ikkje ønskjer å svinge deg på dansegolvet heile kvelden. Med gode, sosiale rammer ligg alt til rette for at alle skal ha det gøy på festen, også utan dansesko.

Adresse: Nordahl Bruns gate 22
Dans frå kl. 20:00

Kaffi og kaker er inkludert i inngangsbilletten.
Pris: NU-medlem 100,-, ikkje medlem 200,- (vipps i døra). Utsendingar på landsmøtet kjem gratis inn.

For meir informasjon, sjå vårt Facebookarrangement.