Bli med å takke alle frivillige 5. desember

Måndag 5. desember er Frivillighetens dag! Det er eit fint høve for oss alle i organisasjonen til å takke for all frivillig innsats og å takke dei frivillige i ditt lag! På nettsida har vi samla nokre malar, som  de kan bruke for å sende ein takk i sosiale medium. Bruk den gjerne! Frivillighet Norge oppmodar òg om å bruke hasthagen #frivilliginnsats! 

Tagg oss også gjerne på @ungdomslag! Emneknaggar / #hashtag:

#frivilliginnsats
#ungdomslag  
#levandelokalkultur

Her er bilde de kan laste ned til bruk:
Bilde "Tusen takk for at du er frivillig!" breiddeformat
Bilde "Takk for at du er frivillig" kvadratisk (instagramvennleg)
Bilde "Tusen takk for at du er frivillig!" til story (høgdeformat)

Andre forslag til tagging for at de kan gjere dykk meir synlege:
@Frivillighetnorge, @Frivillighetensar2022 , @detnorskekongehus (kronprinsen er høg beskyttar av Frivillighetens år).