Barneteatermanusa frå prosjektet Hugin og Munin er lanserte

Hugin/Munin er eit nordisk manusprosjekt for barn og unge, der profesjonelle dramatikarar frå Sverige, Finland og Noreg har skrive manus i dialog med barne- og ungdomsgrupper i alderen 9-15 år. Rundt tretti nordiske teatergrupper har no høve til å spele skodespela gratis i ein prosjektperiode. Stykka blir omsette frå svensk til norsk og frå norsk til svensk sommaren 2022, og er tilgjengelege frå slutten av august.

Endeleg er manusa i prosjektet lanserte, og de kan søke om rettar til å framføre stykka allereie no! Prosjektet har òg fått ei flunkande ny og flott nettside, nemleg huginmunin.nu/no/

Dei norske bidraga

Frå Noreg deltar Noregs Ungdomslag saman med Dramas, Norsk Amatørteaterforbund og Frilynt Norge. Maria Petronella Muri Nygren vart vald ut som den norske dramatikaren i prosjektet hausten 2021. Etter det har Nygren utvikla og skrive manuset sitt i tett dialog med referansegruppa som ho òg til vanleg er instruktør for: Strømmen barne- og ungdomsteater.

I tillegg har Janne Aasebø Johnsen, med støtte frå Norsk Amatørteaterforbund, skrive eit manus til prosjektet, i dialog med ungdommar frå flere teatergrupper i Lillehammer: Kulturhjerte, Lillehammer amatørteater og ungdomslaget Henrik Wergelands minne.

Litt om manusa

Janne Aasebø Johnsen har skrive teaterstykket "Jeg tegner utenfor rammene": 

Kva skjer når song, dans og teater blir pressa ut av skolen fordi det viktigaste har vorte å gjere det bra på regionale, nasjonale og internasjonale testar?

Maria Petronella Muri Nygren har skrive "Plastelinabrann og skyldklump i magen":

Mamma gret, pappa er sjuk, verda verkar håplaus og alt er Lilos skyld. Det er fleire år sidan Lilos bror døydde i ein plastelinabrann. Broren har etterlate seg store hol og hola har Lilo fylt med skyldfølelse.

Johanna Thor og Grete Havnesköld har skrive stykket "Plast": 

På ein liten stad i Sverige bur 15-årige Tess med sin heilt uforståelege pappa. Etter at mammaen hennar døydde, er alt forandra mellom dei. Dessutan bur det to «aliens» i huset; ei instagram-hekta pest av ei stemor og ei stesøster som er alt det Tess ikkje er. Ein dag, når stemora tar ei drastisk avgjerd om at familien skal flytte, blir alt sett på spel. 

Harriet Abrahamsson har skrive "Lekkonsulterna": 

Framsyninga "Lekkonsulterna" blir framført av barn for vaksne og familiar. Barna er spesialistar på leik, og deler sine erfaringar med dei vaksne. Publikum får spele scener med barna og delta på ein leikeplass. Til slutt får publikum dele sine eigne minne. Stykket blir framført av ei gruppe barn i ulike aldrar, dei fleste bør vere 10-12 år. 

Anna Nygren har skrive "En värld söker sig räddare":

Det er eit poetisk teaterstykke om viktige ting. Til dømes fæle søsken, ondskap, namn og utryddingstrua dyr. Stykket følger ein poetisk logikk. Det betyr at de kan ha så mange eller få skodespelarar som de ønsker. Det er skrive i samarbeid med barn frå Hudiksvalls Arbetarteater, og passar for barn i aldersgruppa 10 år eller deromkring.

Synopsisa til manusa finn du her

Bestill manus og rettar frå nettsida til prosjektet:

huginmunin.nu/no/

Vil de spele eit av manusa?
Ver tidleg ute med å søke om framføringsrett. Eit avgrensa tal rettar til framføring vil bli fordelt kostnadsfritt til teatergrupper som blir med i prosjektet. 

Det er Dramas som har ansvar for å formidle Hugin/Munin-manusa til norske amatørteatergrupper, men du kan bestille både manus og rettar via huginmunin.nu.

God lesing!