Årets Lokallag 2022

Styret i Noregs Ungdomslag nominerte tre lag til kåringa av årets lokallag 2022. Desse var Leikarringen Frøy, Iveland Ungdomslag og Kløvheim Ungdomslag.

Bakgrunn for oppretting av prisen er styret sitt ønskje om å heidre og framsnakke arbeidet lokallaga våre gjer kvar dag for å skape gode lokalsamfunn. Med prisen følgjer diplom og ein pengepremie på 10 000 kroner.

Juryen vil framheve at dei nominerte laga, gjennom gode og variererte aktivitetar, bidreg til å skape gode fritidstilbod og ikkje minst samhald og inkluderande møteplassar uavhengig av alder. Fleire av laga deltek òg aktivt i fylkeslaga.

På den måten håper vi òg at dei nominerte laga kan tene som inspirasjon for andre lag.

Juryen vil òg framheve at dei hadde ein svært god og engasjert diskusjon i kåringa av årets lokallag.

Leikarringen Frøy
Leikarringen Frøy held til på Ås og er i tillegg studentlag ved NMBU og samlar folk frå heile landet til dans og anna moro året rundt. Lokallaget har sidan pandemien auka frå seks til kring 50 medlemmar. 

Iveland Ungdomslag
Iveland Ungdomslag er eit nyvitalisert lag frå Iveland i Agder. Dei har unge medlemmar og driv varierte aktivitetar som måleklubb, kviss, motorsagkurs for jenter og yoga, i tillegg til konsertar og andre ting dei finn på.

Kløvheim Ungdomslag
Kløvheim Ungdomslag i Alver i Vestland har det siste året feira sitt 100-årsjubileum og laga eiga jubileumsbok. Laget er svært aktivt og har stor dugnadsand. Dei driv bygdekinoen i tillegg til LAN-party, basar, bygdefestar, tur og aktivitetsgruppa og mykje anna.

Kåring av årets lokallag
Juryen må likevel framheve eitt av laga. Laget viser gjennom stemmetala at dei har eit svært engasjert lokalsamfunn i ryggen, med nesten 50% av stemmene!

Dette er eit lag som har hatt positiv medlemsvekst dei siste åra, men som òg engasjerer seg i fylkeslaget, og tek med dette eit ansvar også utanfor si eiga bygd.

I tillegg til at stemmegivinga gjorde stort inntrykk på juryen, er vi imponert over både breidde og omfang i aktivitetsnivået, som òg viser god dugnadsvilje. Laget har sunn økonomi, eit godt drive ungdomshus og viser òg at dei er flinke til å søke om tilskot til aktivitetar. Laget feira 100-års jubileum i 2022 og kan fortsette feiringa med at dei er kåra til årets lokallag!

Årets vinnar er Kløvheim Ungdomslag!