"Åpent for alle" gir pengestøtte til kurs

Studieforbundet Kultur og tradisjon har no eit prosjekt med namnet Åpent for alle, med mål om å halde 120 kurs over tre år rundt om i Noreg, for å inkluderer menneske som er relativt nye i landet. Kursa skal vere lågterskel og inkluderande, og har mål om å bidra til språktrening, kulturforståing, å tilby eit fellesskap og eit nettverk.

NU-medlemmer kan søke støtte

Difor oppmodar dei medlemsorganisasjonane om å søke støtte til å gjennomføre kurs. Det gjeld også lokallaga i NU! Vil de halde eit kurs som er ekstra inkluderande for nye nordmenn eller dei som har søkt eit trygt tilvære her for ei stund, så er det økonomisk støtte å hente her. For å søke, kan de gå inn på kursportalen https://www.kulturogtradisjon.no/kursportalen og logge inn med bank id. Gå vidare til "Søk tilskudd" og "Opprett ny søknad". Et stykke nede på sida står det "Er det aktuelt å søke om tilretteleggingstilskudd?" Her kan de kort beskrive prosjektet.  

Søknader blir behandla fortløpande, og Studieforbundet er raske til å behandle søknader!
 
Om lokallaget ikkje er registrert i kursportalen frå før, må laget søke tilknyting til Studieforbundets kursportal. Ved spørsmål, kontakt prosjektansvarleg og rådgivar Kristin Teigen Stasviken på tlf 91841263 eller mail kristin@remove-this.kulturogtradisjon.remove-this.no. Ho bidrar meir enn gjerne med meir informasjon om prosjektet, og kan òg vere med på eit møte fysisk eller digitalt, for å hjelpe dykk i gang eller svare på spørsmål.

Vil styrke språkkompetanse, inkludering og kunnskap om samfunnet

De kan anten tilpasse ordinære kurs til å bli ein arena for inkludering, eller opprette eigne inkluderingskurs. Døme på aktivitetar kan vere teater, dans og handtverk – til dømes sykurs, manusarbeid eller matlaging.

Dette skal vere lågterskeltilbod der språktrening og samfunnsforståing er i fokus. Målet er ein stabil og varig inkluderings- og læringsarena med plass til alle, der alle stiller som kursdeltakarar på lik line, med felles mål om å lære og danne nettverk, inkludering, ikkje «berre» integrering. 

Tilskot

Dette er tilskotet de kan få:

Eit ordinært timetilskot på kr 115,- pr time

Tilretteleggingstilskot for eventuelle utgifter til tilrettelegging. Det kan til dømes vere utgifter til tolk, transport, å dekke kursavgift, materialar, barnepass eller ekstra lærarar.

I tillegg kjem kr 1000,- som ein bonus til laget, fordi de forstår kor viktig det er å halde slike kurs. Dersom laget held fleire Åpent for alle-kurs, blir kvart av desse kursa støtta med kr 1 000,-.

Les meir om Åpent for alle på Studieforbundet si nettside.