Aktivitet for barn og unge

I dag betyr dette at aktivitetane for barn og unge må bli lagt til rette slik at ingen skal vere saman i større grupper enn fem personar, og at desse må ha ein avstand på to meter til kvarandre. 

Det blir no laga ein veiledar for trygg aktivitet, og vi oppdaterar med den her med ein gong han er godkjent av helsestyresmaktene.

I mellomtida deler vi råd frå LNU og Norges Idrettsforbund:

  • Ha aktivitet i små, faste grupper på maks 5 personer
  • Hald minst to meters avstand mellom kvar person
  • Ikkje del på utstyr
  • Ikkje bruk felles garderober
  • Det skal være gode hygienerutinar knytt til aktiviteten, t.d. god tilgang på Antibac og rutiner for hyppig og grundig handvask.
  • Rutiner for vask av kle/utstyr før og etter aktiviteten.
  • Hugs tilrådingar ved hosting og nysing, og unngå å ta deg i ansiktet
  • Ved aktivitetar for barn og unge, skal det være ein vaksen til stades som kan sjå til at aktiviteten er i samsvar med dei offentelte helsestyresmaktene. 
  • Personar som er i isolasjon, karantene eller har symptomar på luftvegsinfeksjon bør ikkje være i kontakt med andre
  • Deltakerar bør bli oppmoda til å nytte alternativ til kollektivtransport i samband med reise til og frå aktiviteten.

Vi minner om: Lag som no opnar opp for å ta opp aktivitet må sjølve halde seg oppdatert på relevant informasjon og tilrådingar frå helestyresmaktene. Det skal ikke vere aktivitet utan at ein er heilt trygg på at aktiviteten ikkje bidreg til å auke smitterisikoen og og kan bli utført etter dei tilrådingane som er gitt.