Regjeringa har byrja på eit arbeid med ein strategi som skal løfte lokalt og regionalt kulturliv. Strategien skal sjå heilskapleg på mogelegheiter og utfordringar for det frivillige kulturlivet.
I høve arbeidet med strategien, inviterte Kultur- og likestillingsdepartementet til eit innspelsmøte om temaet "Kulturfrivillighetens tilgang til egnede lokaler og møteplasser" 13. desember.
Ber om at kommunar og fylke inkluderer dei organisasjonseigde husa
Hovudtemaet var å sikre tilgang på gode lokale. Både kulturrådgivar Christoffer Knagenhjelm og generalsekretær Magni Hjertenes Flyum i NU heldt innlegg på møtet.
Dei bad om at den lova strategien skal medverke til at kommunar og fylke i større grad inkluderer dei organisasjonseigde husa i deira planar.
Dei peika òg på at det trengst ei målbevisst satsing på dei organisasjonseigde husa for at ikkje det økonomiske etterslepet skal auke enda meir i åra som kjem.
Presenterte rapport om behov for eigna lokale
Under møtet heldt fleire andre organisasjonar innlegg, der dei presenterte eksisterande kunnskap. Mellom anna presenterte Stian Slotterøy Johnsen, genersalsekretær i Frivillighet Norge ein rapport om behovet for eigna lokale i det frivillige, og Marianne Ween, dagleg leiar i Kulturalliansen fortalde om deira prosjekt med kartlegging av lokale til utøving av kultur.
Innlegga frå Noregs Ungdomslag kan de lese her:
Innlegg 1:
Huset i Bygda som modell for utvikling av organisasjonseigde kulturhus
Innlegg 2:
Dei organisasjonseigde husa treng eit løft
Fristen for skriftlege innspel til strategien er 1. februar 2022.
For å høyre kva lokal- og fylkeslag meiner, inviterer Noregs Ungdomslag til digitalt innspelsmøte måndag 9. januar kl 18.00. Laga kan også kome med skriftlege tilbakemeldingar på e-post innan fredag 13. januar.
Her kan du lese meir om strategien på nettsida til regjeringa
Her er meir informasjon om spørsmåla Kultur- og likestillingsdepartementet ønsker tilbakemelding på