Over 70 utsendingar frå lokal- og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag var samla til digitalt landsmøte 26. september. Det var første gongen sidan 1896 at landsmøtet ikkje var fysisk saman i éin møtesal, men det la ikkje dempar på ordskiftet og engasjementet frå delegatane.
Sak 4 skapte som venta debatt
Som venta var det sak 4: forhandlingar med Frilynt Norge som fekk flest delegatar til å teikna seg. Styret endra på sitt framlegg til vedtak under debatten, og dette framlegget fekk fleirtal under...