Tilskudd.no

Statlige tilskot til frivillige organisasjonar.

Tilskot fra staten finansierar frivillig aktivitet på dei fleste samfunnsområder.

Tilskudd.no gjer ei oversikt over tilskotssordninger som frivillige organisasjonar kan søke på. Her finn du òg informasjon om tilskotsmottakere og tildeling av tilskot. Nøkkeltalla viser tildelt tilskot fordelt på departementer, tilskuddsforvaltarar, type tilskotssmottakarar og geografi.

På denne sida finn du òg oversikt over 129 ulike tilskotsordningar. Der kan du lese om formål, tildelingskritariar, rapporteringskrav og søknadsfrister. Sida viser tilskotsordninger med både utløpt og ikkje utløpt søknadsfrist, fordi tilskotsordninger vil som regel blir vidareført til neste år.

Fondet er oppretta for å gi godgjørelse til rettighetshavere for den lovlige kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete. Søknadsfrist 1. februar og 1. september.

Les meir på kulturdirektoratet sine nettsider. 

Grasrotandelen er ei ordning som inneber at alle som spelar på eit av Norsk Tipping sine spel, kan velje at inntil fem prosent av spelarinnsatsen deira skal gå til ein bestemt frivillig organisasjon.

Berre frivillig verksemd som er registrert i Frivilligregisteret, kan delta i grasrotdelen. Om ei eining har rett på grasrotdel eller ikkje er avhengig av korleis verksemda blir driven. For å delta må ein vise til at verksemda blir driven berre på lokalt/regionalt nivå. 

Les meir på nettsida til Norsk Tipping

KOMP er ei stønadsordning for kortare kurs, opplæringsprosjekt og andre kompetansehevande tiltak innafor dei rytmiske sjangrane som rock, jazz, norsk og samisk folkemusikk, verdsmusikk, blues, viser, hiphop etc. 

KOMP støtter kveldskurs, dagskurs, helgekurs, vekeskurs og sommarkurs. Det gis primært stønad til innhenting av eksterne instruktørar (honorar, reise, opphald), ev. også særskilte kostnadar til leige av seminarlokalar.

Neste frist: 25.februar

Lenke til nettside: http://www.musikk.no/komp/

Gjennom Kulturdirektoratet kan ein søkje om tilskot til ulike tiltak:

  • Arrangørstøtteordning (For deg som arrangerer konserter gjennom heile året.)
  • Produksjon/formidling/arrangement: (Festival, forestilling, konsert, turné, utstilling,barn og unge, seminar/workshop/andre formidlingstiltak)
  • Utøvande/skapande verksemd (Musikk, teater/dans/performance, opera, billedkunst/kunsthåndverk/foto)
  • Utgjevingar: (litteratur og tidsskrift, kunstfaglige publikasjonar, barn og unge, musikk)
  • Andre områder i Kulturfondet (kulturvern, tverrfaglege prosjekt, kulturelt mangfald, rom for kunst)
  • Støtte utanfor Kulturfondet (EUs kulturprogram, andre fond)

Les meir på Kulturdirektoratet sine nettsider.

Kulturrom er tilskotsordning for teknisk utstyr og lokaler.
Kulturrom skal bidra til at det finst øvingslokale og gode tekniske vilkår for framføring av musikk, dans og teater over heile landet.

Hos Kulturrom kan dee søke om støtte til teknisk utstyr til kulturrom og til bygg og utbedring av kulturrom.

Teknisk utstyr til kulturrom er det grunnleggande utstyret som trengst til øvingslokalera og fremføringsarenaer. Dette tilskotsområdet omfattar utstyr som skal nyttast i øvingssammanheng og som kjem fleire aktørar i eit fellesskap til gode. Kulturrom brukar standardsatsar i tildelinga av ein del grunnutstyr, men gir også tilskot til anna øvingsutstyr basert på behov.

Bygg og utbetring av kulturrom kan vere veldig kostbart. Difor er det lurt å søke Kulturrom om støtte til å bygge eller utbedre øvingsrom eller framføringslokale. Dei skiller mellom enkle utbetringar og enkle romakustiske tiltak og større akustiske utbetringar då det er stor forskjell i krav til dokumentasjon og søknadssum.

De kan søke om tilskot til å få utført ein akustisk forprosjektrapport tidleg i prosessen og så søke om å bygge eller gjere større akustiske utbetringar med rapporten som grunnlag. Eller de kan gjennomføre ein akustikkmåling for å kartlegge ut om rommet er eigna for dagens bruk.

Fristar: 1.mars og 1.september

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) forvaltar ei rekkje støtterodningar. På heimesidene til LNU finn du meir informasjon om desse, mellom anna om:

  •  Mangfald og inkludering, som gir støtte til prosjekt som set fokus på mangfald, haldningar og deltaking
  •  Kulturmidlane, som er ei prosjektstøtteordning til større kulturprosjekt i regi av landsdekkande barne- og ungdomsorganisasjoner.

LNU forvaltar også fleire støtteordningar for internasjonalt prosjektarbeid.

Les meir på LNU sine nettsider.

Norsk senter for folkemusikk og folkedans har to stønadsordningar: Prosjektmidlar og små og raske midlar. Søknadsfrist for prosjektmidlar er 1. april og 1. oktober. Søknader om små og raske midlar har løpande søknadsfrist. Søknadar må sendast på eigne skjema.

Les meir på sida til senteret og søk direkte i søknadsportalen deira.

Musikkutstyrsordninga skal administrere offentlege tilskot til teknisk utstyr for spelestader, klubbar, arrangørar, øvingsfellesskap, samt til utvikling, tilrettelegging og byggjing av øvings- og framsyningsslokaler innan musikk og teater. For mindre prosjekt og søknader frå små øvingsfellesskaper gjeld to søknadsfristar i året. Desse er 1. mars og 2. september. For større prosjekt og søknader er det ingen søknadsfrist.

Les meir på musikkutstyrsordninga sine netttsider.
 

På Ole Bull sin fødselsdag, 5. februar, kan det delast ut eitt eller fleire stipend til yngre (under 35 år) musikarar, skodespelarar og til bygdeungdom under musikkopplæring. Stønaden kan vere i form av individuelle stipend til å dekke kostnader ved vidare utdanning i form av kurs eller studieopphald, eller til innkjøp av instrument eller liknande. Søkjarane må helst halde til på Vestlandet. Ei normal ramme for eit stipend vil vere kr. 10 000. Søknaden må innehalde budsjett, opplysingar om utdanning og eventuelle tidlegare motteke stipend, og søknaden må sendast til forretningsførar for fondet: perekeland@remove-this.gmail.remove-this.com

Det er Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien (BFO), Den Nationale Scene, Griegakademiet, Sjøforsvarets Musikkorps og Noregs Ungdomslag som forvaltar fondet. 

Det blir dessverre inga tildeling av midlar i 2023

Stønadsordning for aktivitet i Akershus, Buskerud, Oppland, Oslo, Telemark, Vestfold og Østfold, i tillegg til Ringsaker kommune i Hedmark. 

Les meir på nettsida til Sparebankstiftelsen

Stiftelsen Clara Lachmanns fond er eit skandinavisk kulturfond. Prosjekt som får støtte må ha ein klar skandinavisk vinkling og omfatte meir enn eitt skandinaviskt land. Skal de til dømes på studietur til eit anna skandinavisk land.

Til toppen