Vaksenopplæringsmidlar

Studieforbundet kultur og tradisjon disponerer pengar som blir løyvd til vaksenopplæring over statsbudsjettet.


Noregs Ungdomslag er ein av medlemsorganisasjonane i studieforbundet, og dette gjer at alle lokal- og fylkeslag kan søke om støtte derifrå. 

Dette er satsane:

Kurs med lærar: 115 kroner per time i tilskot for 2022-kurs. For kurs med avslutning i 2023, er satsen 98 kroner per time (tilbake til vanleg nivå etter pandemien).
Timar utan lærar: 50,- per time i tilskot.

Vaksenopplæringsmidlane skal dekke utgifter til kurset/opplæringa, og satsen gjeld per time per gruppe, uavhengig av kor stor gruppa er.
Er utgiftene lågare enn maks tilskot, blir tilskotet justert.

Minstesum (for kurs utan dokumenterte utgifter); for kurs meir enn 10 timar 500,- for kurs under 10 timar kr 50,- per gjennomførte time.

For å få kurstilskot, må kurset oppfylle krava i Voksenopplæringsloven og forskriftene:​

• Minimum 4 timar kurs 
• Minst 4 deltakarar med 75 prosent frammøte. Alle deltakarar skal førast på frammøtelista
• Følg godkjent studieplan
• Lys kurset ut offentleg
• Deltakarane må vere over 14 år eller fylle 14 år i kursåret
• Eit kurs kan ha inntil 50 prosent digitale timar. (Fram til 31.12.22 kan heile kurset gjennomførast digitalt)

Ein kurstime er 60 minutt. 15 minutt av desse kan reknast som pause per time i løpet av total kurstid.

Søk støtte før kurset startar.
I informasjon som til dømes annonsar, program og materiell til kursdeltakarar skal det stå at kurset mottar støtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon.

Studieforbundet kultur og tradisjon oppmodar om å gjere ordninga synleg ved å nemne at kurset får støtte gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon ved annonsering. 
Dette er fordi dei offentlege kursmidlane er under press, og det er derfor viktig å synleggjere kursa som får støtte.

Meir utfyllande informasjon om støtteordninga og reglar finn du på 
https://www.kulturogtradisjon.no/tilskudd

Søk tilskot til motivasjonsarrangement!

Studieforbundet kultur og tradisjon har nå opna opp for å søke om motivasjontilskot i kursportalen.

Det kan søkast til regionale- eller nasjonale motivasjonstiltak i medlemsorganisasjonane sine region- og sentralledd.

Kursnamnet må innehalde "Motivasjonssamling", og alle slike samlingar skal følge Lov om voksenopplæring.

Det inneber minst 4 timar og minimum 4 deltakarar.

Motivasjonssamlinga kan da motta både motivasjonstilskot og ordinært timetilskot. Digitale motivasjonssamlingar kan få inntil 3000,- i motivasjonstilskot. Fysiske motivasjonssamlingar kan få inntil 20000,- i motivasjonstilskot.

Hugs å fylle inn budsjetterte utgifter, tilsagnet avheng av dette.