Fagpolitisk plattform for Noregs Ungdomslag
Vedteke på landsmøte 2018

Dei første ungdomslaga blei etablert i 1860-åra. Dei var lokale samtalelag, samlingsplassar for kulturaktivitet, læring og debatt. Å gi ungdom i by og bygd ei moglegheit til å utvikle seg, lære å uttrykke meiningane sine og ta ansvar for eige liv og samfunnet var ei viktig målsetting. Samfunnsengasjementet og kulturarbeidet var både middel og mål på vegen til å skape eit godt og framtidsretta samfunn og aktive borgarar frå alle samfunnslag og med ulik bakgrunn. 

Sidan starten har samfunnsengasjement og deltaking i samfunnsdebatten stått sentralt i NU. Men ettersom dei politiske partia og ei rekke organisasjonar med ulike særinteresser har kome til, har desse teke over for mykje av det som tidlegere var sentrale oppgåver for NU. Med endringar i samfunnet har også arbeidet til ungdomslaga endra seg. Spørsmålet i dag er ikkje om NU skal ha eit samfunnsengasjement, men kva medlemmene ønskjer at NU skal bruke sitt engasjement til. 

Det er i dag eit stort mangfald i korleis ein deltek i samfunnet og kva kulturaktivitet ein er med på. NU er ein av mange aktørar og må heile tida vere aktuell og attraktiv for nye deltakarar for å kunne nå målet om å vere ein plass der folk kan medverke til å skape levande lokalkultur. Den fagpolitiske plattforma har som mål å løfte fram dei opphavlege verdiane, forankre nokre av dei sentrale arbeidsfelta og danne ein base for å utforme ny politikk og aktivitet. 


Samfunn


NU har hatt ei sentral rolle i utviklinga av det moderne Noreg til eit folkeleg demokrati med brei deltaking. Dei første laga og møta deira hadde ein kombinasjon av opplæring, kulturaktivitet, sosialt samkvem og diskusjon. Den eldste kjende føremålsparagrafen til eit lag er frå 1876, der står det at laget skal ”søkje å vekkje op lite meir sans for oplysning, og vænne folk til å snakke og skrive meiningja si på ein folkeleg og forståeleg måte.”Laga fungerte som arenaer for kunnskapsformidling, informasjon og trening i demokratisk deltaking. 

Lokallaga er viktige arenaer for å lære folkeleg samværskultur. Vi har tradisjon for læring på tvers av generasjoner og alderstrinn. Gode førebileter og bevissthet om samværsformer er viktig for formidling av haldningar og eit frilyndt menneskesyn.

NU skal engasjere seg i saker som er knytt til rammevilkår for positiv utvikling av lokalmiljøa i Noreg, både i by og bygd. ”Levande lokalkultur” er NU sin visjon. Lokallaga er viktige for å skape aktivitet i eige lokalmiljø, men også i det lokale ordskiftet og i samarbeid med andre om utvikling av lokalmiljøa. 

Mange av lokallaga våre eig hus som gir rom for aktivitet i nærmiljøet. Laga er ope og tek i mot nye innbyggjarar og inkluderer dei i samfunnet gjennom lagsarbeid. Dei opprettheld eit aktivt lagsdemokrati som sikrar at nye generasjonar tek del i arbeidet og får kunnskap om å ta aktiv del i samfunnet, og svarer på høyringar og deltek i ulike utval i kommunen.

NU skal arbeide for gode rammevilkår for frivillige lag og organisasjonar og sikre retten til og gjere det mogleg å skape sjølvstendige arenaer tufta på ulike engasjement og interessefelt. Ei stadig profesjonalisering av ulike tenester og oppgåver set den frivillige lagsdrifta under press. Drifta er blitt stadig meir kostbar, med høgare krav til administrasjon og byråkrati. Å betre rammevilkåra for frivillige lag og sikre dei ein naturleg og sjølvstendig plass i samfunnet også i framtida er viktig. NU er ei viktig arena for å sikre deltakande kulturaktivitet, ytringsarven, det at vi spelar teater, dansar, kler oss i bunad og snakkar dialekt. Vi skal vere ein stad der lokal kultur blir til og teke vare på, formidla til nye generasjonar, og som er til glede for dei som tek del i aktiviteten. 


Det trengs framleis uformelle læringsarenaer utanfor det offentlege utdanningssystemet. NU treng både høg kompetanse og lokale læringsmiljø for å lukkast med å vidareføre kunnskap om ulike kulturfelt og bygge deltakande samfunnsaktørar. 


Dans


1902 kan seiast å vere starten på historia om folkedans i NU, og med det oså for den organiserte folkedansen i Noreg. Med inspirasjon frå Færøydansen vart det skata ein norsk songdanstradisjon. Før songdansen kom, hadde ungdomslaga vanskar med å finne høveleg moro på møta sine. Fleire hadde eit mål om å kaste ut runddansen, medan bygdedansen såg ut til å bli tolerert og oppmuntra frå sentralt hald, om ein berre fekk bukt med drikkekulturen. 

I dag arbeider NU fagleg med alle hovudgruppene som til ei kvar tid blir definert under omgrepet norsk folkedans. Folkedansen og -musikken er ein del av norsk immateriell kulturarv, og NU skal arbeide for å bevare og vidareutvikle tradisjonen som sosial omgangsform og scenisk framføring. Musikken er utgangspunktet for folkedansen. NU skal styrke opplæring av nye og eksisterande dansespelemenn, og jobbe for vidareutvikling av dansemusikken. 

Bevaring av immateriell kulturarv, som folkedansen, er mogleg gjennom bruk. At folk dansar er det viktigaste for å sikre bevaring og vidareføring av dansen. Opplæring, framsyningar og sosial dans i lokallaga er heilt avgjerande. Alle typar og danseformer er velkomne i ungdomslaget, vi har tru på at dansekvaliteten blir styrka gjennom variasjon og mengdetrening. 

Folkedanskurs og andre opplæringsarenaer, har saman med utgjeving av instruksjonsbøker og musikk vore sentrale i NU sitt arbeid gjennom heile 1900-talet. Slik bygde ein opp mange dyktige instruktørar og eldsjeler lokalt, og fekk etablert eit nasjonalt repertoar og metode. NU skal framleis gå føre i utviklinga av instruktøropplæring innafor heile breidda i folkedansfeltet.

På 1970-talet skjedde ei fagleg dreiing på feltet. Med oppretting av Rådet for folkedans og folkemusikk og studiar i dans tok mange sentrale danseinstruktørar i NU del i dette arbeidet. Revisjon av songdansboka og turdansboka synte og ei tydeleg fagleg dreiing. 

Nærleik til lokal tradisjon kan vere utgangspunkt for val av repertoar og eit godt utgangspunkt for å bygge eigen identitet. Innsamling og dokumentering av lokale dansetradisjonar kan vere eitt ledd i arbeidet. Kreativitet og nyskaping er viktig, på lik linje med god fagkunnskap. Terskelen for å skape noko nytt er låg og blir gjerne kombinert med til dømes tiltak med lang tradisjon. 


Teater
 

I 1899 var Det norske spellaget stifta, forløparen til det som i dag er Det Norske Teatret. Då hadde det allereie i lang tid vore arbeidd for å fremje norsk dramatikk, skriven på norsk og spelt på norsk. 

Det er i dag stor amatørteateraktivitet både i ungdomslaga og i ei rekke andre amatørteaterlag. NU har vore ein viktig organisasjon i arbeidet med å synleggjere og sikre rammevilkår for amatørteater. Gjennom instruktørutdanning og andre teaterkurs har NU heva kompetansen og mangfaldet av teaterutrykk i ungdomslaga. NU har gjort eit viktig arbeid med å sikre anerkjenning for verdien av at menneske deltek i teaterarbeid og får oppleve teater. 

NU har gjennom langsiktig og systematisk arbeid også medverka til å etablere nye sjangrar og arbeidsmetodar i amatørteaterarbeidet her til lands, som forumteater og teatersport. Å identifisere nye idear og formidle dei over tid er framleis ei sentral oppgåve i NU sitt teaterarbeid. 

Den lokale aktiviteten syner breidda i sjanger og repertoar, i dag som tidlegare. Teater som spring ut av lokalsamfunn er uttrykk for fellesskapsarenaer, kunnskap og kompetanse i lokalmiljøa, engasjement, ønskje om å delta og vilje til å uttrykke seg. Endringar i lokalsamfunn som flyttemønster, auka mangfald i befolkninga, meir individuelle motivasjonsgrunnar og meir sosiale ulikskap gjer at teatergrupper vil trenge nye metodar for rekruttering av medlemmer og gjennomføring av aktivitetar, for å vere tilgjengeleg for alle som ønskjer å delta. 

Teater i NU vil i framtida halde fram med å utvikle og ta til seg nye kulturelle uttrykk og å skape inkluderande arenaer for teaterarbeidet. Teater i NU er viktig både som arena for kulturelle og kunstnarlege uttrykk og politiske ytringar. Låge tersklar for å kunne delta, gode moglegheiter for læring og utvikling og høge krav til kvalitet i teatertilbodet er viktige rettesnorer for teaterarbeidet. 

Bunad


På byrjinga av 1900-talet ønskte ein å finne fram gode klede å bruke til dans og på samkomer i laga. Dei skulle vere enklare, frigjerande og vere moglege å sy sjølve, i motsetnad til kostbare, upraktiske og rørslehemmande moteklede. Tufta på tradisjonelle klede og handverk blei den moderne bunadstradisjonen etablert. Midt på 1900-talet fekk bunadsarbeidet ei sterkare dreiing mot dei historiske førebileta. Med oppretting av Landsnemnda for bunadsspørsmål (no Norsk institutt for bunad og folkedrakt) blei denne dreiinga enda sterkare. Rekonstruksjonsarbeidet på slutten av 1900-talet var tufta på historiske og vitskaplege metodar. 

I dag har NU ansvar for ivaretaking av heile den samansette bunadshistoria, tilgang på bunader, ivaretaking av handverkstradisjonen og kunnskapsformidling om både bunad og folkedrakt står sentralt. Dei kulturhistoriske røtene er viktige, men det å bruke bunad, at det finnast tidhøveleg klede for alle, demokratisk og mogleg å sy sjølve, er det viktigaste. 

Ein treng gode arenaer for bunadsbruk, og det er inga sjølvfølge. Det er ei lang veg frå vitnesbyrd om å bli spytta på og fått ukvemsord etter seg om ein gjekk med bunad i Karl Johans gate i Oslo først på 1900-talet, til at det no er eit naturleg plagg å sjå på slottsmiddag. NU skal engasjere seg i saker som er knytt til kunnskapsformidling, sikre tilverking og ivaretaking og halde fram bunaden som eit demokratisk plagg for alle som ønskjer å bruke bunad. 

Bunad er blitt eit kostbart plagg. Aukande kvalitet i bunaden er bra, vi har dei siste åra sett betre historisk autensitet og dyktige, fagutdanna produsentar. Men mykje handsaum, spesialutvikla materiale av høg kvalitet og mykje spesialutvikla tilbehør som er lokalt handlaga medverkar til dei høge prisane. Dette har ført til tre hovudutfordringar: kostbar investering, låg kunnskapsoverføring og at mykje av produksjonen blir sett bort til lågkostland. NU vil arbeide for at fleire kan lage heile eller deler av bunaden sin sjølve. 

Bunaden toler godt å bli nytta i mange ulike høve, men det går også ein debatt om kven som har ”rett” til å bruke bunaden. Det nasjonale opphavet blir nytta som argument for bunaden som eit ekskluderande og nasjonalistisk symbol, stikk i strid med dei opphavlege tankane om eit demokratisk og frigjerande plagg. NU skal vere på vakt for forsøk på symboltjuveri, samstundes som vi held fast på bunaden sitt samansette og mangfaldige symbolinnhald, og gje rom for at bunad og bunadsbruk kan utvikle seg positivt også i framtida. 


Språk


Heilt frå starten har NU vore tufta på ideen om norskdom. Vi løftar med oss norsk kultur og tradisjon inn i samtida og framtida. Dette er vårt bidrag til verdskulturen. Ein viktig del av dette er språket. NU meiner at alle fritt bør kunne velje å snakke dialekten sin – kor som helst, når som helst. Det unike dialektmangfaldet er med på å gjere nordmenn til det vi er: ulike, men likevel ein del av det norske. Det nynorske skriftmålet er fellesnemnaren for dialektmangfaldet. Noregs Ungdomslag er ein av dei verkeleg store nynorskorganisasjonane. Ved at organisasjonen vår har nynorsk styringsmål og aktivt tek side med nynorsken og dialektane, er vi med på å gje nynorsken ein plass han ikkje elles ville ha hatt. 

Opp gjennom åra har Noregs Ungdomslag vore initiativtakar til ei rekkje av dei viktige nynorskinstitusjonane. Utan oss ville nynorskbrukarane hatt dårlegare kår i Noreg. Sjølv om medlemene våre nyttar både nynorsk og bokmål, meiner vi at det ligg ein særleg verdi i å løfte fram nynorsken: Ved å vere bygd på dialektane fortel nynorsken oss at det er like bra å kome frå bygda som frå byen, og at det ikkje finst nokon måte å snakke på som er finare enn andre. Dette er demokrati i praksis – kvar gong vi opnar munnen. 

Den rike kjelda av norsk folkekultur er tett knytt til nynorsken og dialektane. Eit døme er songskatten som mange NU-lag held levande. Andre lag set opp skodespel og revyar på nynorsk og dialekt, og fleire deltek i  Kven veit?, ei kunnskapstevling på nynorsk. 

Noregs Ungdomslag meiner at alle som går på skule i Noreg skal lære både bokmål og nynorsk. Vaksne innvandrarar som lærer norsk i nynorskkommunar bør få opplæringa på nynorsk. Alle vaksne innvandrarar bør få bli kjende med dialekten lokalt. 

Det er særleg viktig at unge får eit positivt møte med nynorsken og dialektmangfaldet. Det skjer gjennom skulen, men òg gjennom bøker, tv, blad og sosiale medium. Fordi nynorsk er eit mindretalsspråk, meiner Noregs Ungdomslag at tiltak for å fremje dette språket bør få særlege løyvingar slik at òg nynorskbrukarane kan få møte språket sitt. Nynorskforbodet i dei store riksavisene bør bli oppheva, og alle bør kunne nynorsk når som helst og kor som helst. 

 

HER KAN DU LASTE NED EIN PDF AV FAGPOLITISK PLATTFORM