Styret i Noregs Ungdomslag valt på landsmøtet 24. april 2022:
Torbjørn Bergwitz Lauen (Bygdelagssamskipnaden)
Leiar
E-post: torbjorn@ungdomslag.no
Tlf. 959 69 475
Tone Mjelde (Hordaland Ungdomslag)
Politisk nestleiar / AU-medlem
E-post: tone.mjelde@ungdomslag.no
Terje Svindseth (Bygdelagssamskipnaden)
Organisatorisk nestleiar / AU-medlem
E-post: terje.svindseth@ungdomslag.no
Irene Dahl (Troms Ungdomsfylking)
Styremedlem
/ Vara til AU
Ida Haugen Skulstad (Hordaland Ungdomslag)
Styremedlem / Vara til AU
Bjørn Arve Moen (Inn-Trøndelag Ungdomssamlag)
Styremedlem
Nina Byttingsmyr (Aust-Agder Ungdomslag)
Styremedlem
Marit Kvamen (Hordaland Ungdomslag)
1. vara til styret
Torgeir Tønnevold Fiane (Aust-Agder Ungdomslag)
2. vara til styret
Siri Mæland (Sør-Trøndelag Ungdomlag)
3. vara til styret
Om styret:
I styret vald på landsmøtet 24. april 2022, var Tone Mjelde og Irene Dahl på attval for to år, og Ida Haugen Skulstad ny styremedlem. Styremedlemmene Terje Svindseth, Bjørn Arve Moen og Nina Byttingsmyr var ikkje på val, da dei er i den toårsperioden dei tidlegare er valde inn for.
Marit Kvamen og Siri Mæland vart attvalde som vara, mens Torgeir Tønnevold Fiane vart vald inn som ny vara i styret.
Styret i Noregs Ungdomslag er valt av landsmøtet, og har ansvaret for at arbeidet i organisasjonen blir drive i samsvar med lova, styringsføresegner, arbeidsprogram og andre vedtak gjorde av landsmøtet.
Styret skal ifølge lova ha sju medlemmer og skal vere samansett av leiar, politisk nestleiar, organisatorisk nestleiar og fire andre styremedlemmer.
Styret har om lag ti møte i året, og behandlar saker som er førebudde av generalsekretæren. Aktuelle saker er til dømes å konkretisere arbeidsplanen og budsjettet frå landsmøtet og å jobbe strategisk med planar.
Styret tek òg for seg ulike interessepolitiske saker som til dømes arbeid opp mot statsbudsjettet, oppnemningar og representasjonar.