Kva gjer eit fylkeslag?
Som hovudregel blir eit lokallag medlemslag i Noregs Ungdomslag gjennom å melde seg inn gjennom eit fylkeslag. Om ikkje det finst eige fylkeslag i området, kan laget bli tatt opp som direkte innmeldt lag.
Det er stor skilnad på kor mykje faglege og økonomiske ressursar som ligg til kvart fylkeslag, og dette gjer at det kan vere skilnader fylkeslaga i mellom på kva tenester som vert ytt til laga.
Etter vedtak på årsmøtet i Noregs Ungdomslag i 2009, har fylkeslaga følgjande roller og oppgåver
Minimumsoppgåver:
- Gjennomføre eige årsmøte
- Delta på NU sitt årsmøte og landsråd
- Sende årsrapport samt årsmelding og rekneskap for fylkeslaget til NU, innan gitte fristar.
- Melde inn kontingentsats til NU.
- Andre oppgåver som til ei kvar tid følgjer av lova til NU. Pr i dag er dette:
- Kalle inn til årsmøte i lokallag der det har gått 1 år ut over den fastsette årsmøteperioden utan at det har vore halde årsmøte.
- Samarbeide med lokale kulturstyresmakter for at fast eigedom til nedlagde lokallag blir nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden.
Andre oppgåver som det kan vere naturleg at fylkeslaget gjer:
- Informasjon til medlemmene om tilbod og aktuelle saker i NU og i regionen.
- Oppfølging av lokallaga utanom årsmøtet, eks. lagsmøte, leiarmøte, kontaktperson, barnestemne
- Kurs for medlemmene og lokallaga, gjerne i samarbeid med NU sentralt
- Søke felles regionale midlar
- Nettverksbygging. Delta i og bygge opp eigna nettverk regionalt – fagleg og politisk
- Følgje opp fylkeslaga si rolle i tiårsplanen for sentrale tilskipingar, vedteke på årsmøtet i 2008,
- Rekruttering av lag
- Vere ein samarbeidspart for NU sentralt i oppfølging av einskilde lag