Kronikk frå eit samla folkedansfelt sendt ut 25. juni 2021.
Den sceniske folkedansen i Noreg har etablert seg som noko av det mest spennande som skjer innan dansekunsten. Den får nasjonal og internasjonal merksemd. Det finst ein marknad, men utfordringa er at det ikkje er tilgang på nok kvalifiserte dansarar. Det fins nemleg ingen utdanning for profesjonelle folkedansarar. Løysinga er enkel: Universitetet i Sørøst-Norge har ein akkreditert studieplan klar, og treng berre statleg tilsegn på finanisering av 20 studieplassar fordelt på tre år.
I Noreg er det ingen som ivaretek eller utviklar den sceniske folkedansen innanfor høgare utdanning. Undervisning gir bærekraftig forvaltning av kulturarven, og akkrediterte studieforløp gir spesialisert opplæring som grunnlag for å skape nye uttrykksformer og næring. Klassisk ballett, moderne dans, jazzballetten og samtidsdansen har sine spesialiserte utdanningar.
Det fins gode argument for eit studieprogram i utøvande folkedans: Som eksempel kan vi sjå på utøvarutdanningar og satsing på tradisjonsmusikk. Det har gitt store ringvierknader og gjort unge, velutdanna tradisjonsmusikarar til ein tydeleg ressurs i norsk kulturliv. Vi kan oppnå det same med folkedansen. Den profesjonelle danse- og teaterverda har mange ganger ytra at det trengs tiltak for å gjere tradisjonsdansen synleg og tilgjengeleg for kunstnerisk presentasjon.
Mangelen på utdanning gjer at det ikkje er tilstrekkeleg tal kvalifiserte personsr til å ta jobbar som er ledige. Vi mangler profesjonelle utøvarar til dansekompani, vi mangler folk til folkedansstillingar og vi mangler pedagoger til å undervise komande slekter som skal få god introduksjon til folkedansen. Læringsmåla i folkedans i grunnskulen innan faga musikk, idrett og dans og danselinjer på vidaregåande skular blir ikkje nådd grunna manglande kompetanse hjå lærarane. Det fins undervisning i folkedans i kulturskular som treng kompetente tilsette.
Det er eit behov for folkedansarar i markedet, både som sceniske utøvere og som pedagoger. Folkedans som scenekunst har etablert seg som profesjonell dansekunst og fått nasjonal og internasjonal anerkjennelse. Gode eksempler er kompanier som Frikar og Kartellet. Desse bygger på prinsipp og bruk av materiale fra folkeleg tradisjonsdans. Ensembla mangler dansarar. Den begrensa tilgangen på profesjonelle utøvarar avgrenser produksjonen i det nye scenekunstfeltet.
Unge etterspør ei utdanning i utøvande tradisjonsdans på høgare nivå. I dag må slik kompetanse bygges gjennom opplæring og praktisering i frivillige organisasjoner og ulike talentutviklingsprosjekt som for eksempel Frikar X og ved Riksscenen. Norsk senter for folkemusikk og folkedans har i 20 år drevet prosjektet “Bygda dansar”, der ungdom (15-19 år) får opplæring i sosial og scenisk folkedans. Ei evaluering av dette programmet seier at mange av deltakarane ønsker å leve av dansen og søker meir utdanning etter endt prosjekt. For at feltet skal vokse må det komme ei høgare formell utdanning.
Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland (USN) har nasjonalt hovedansvar for høgare utdanning innen tradisjonskunst, folkemusikk og folkekunst. USN har forberedt eit studie og fått akkreditert læringsplanen for eit slik bachelorstudie som miljøet trenger og ønsker seg. Alt som skal til nå er finansieringen, så er dette på plass. Vil staten gi finansiering (finansieringsgrad B) til 20 studieplasser, så vil studiet kunne starte neste haust og etter kvart gi kompetente folk til nye arbeidsplassar.
Den norske stat har også signert den internasjonale forpliktelsen i UNESCO-konvensjonen av 2003 om vern av immateriell kulturarv for å ivareta eit mangfald av kulturuttrykk. Dersom folkedansen skal leve som kulturuttrykk i Norge må den lærast av unge utøvarar som skaper nye uttrykksformer.
Miljøet stadfester at det er behov for utdanning i folkedans. Det er eit marked for å skape fleire jobbar innan ivaretaking av denne kulturarven. Ei utdanning i folkedans vil utløse eit potensial i kunstnerisk aktivitet og undervisningskrefter tilsvarende utviklinga vi så i markedet då folkemusikken fekk formelle utdanningsløp.
Noregs Ungdomslag, Torbjørn Bergwitz Lauen
FolkOrg, Linda Dyrnes
Kartellet, Sigurd Johan Heide
Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Ellen Krageberg
Norske Dansekunstnere, Ine Vie
Riksscenen, Ane Carmen Roggen
Stifinga Hilmar Alexandersen, Johan Einar Bjerkem
Studieforbundet kultur og tradisjon, Kjærsti Gangsø
Talentutviklingsprogrammet FRIKAR X, Fjelldansen regionale kompetansesenter for dans og FRIKAR, Hallgrim Hansegård
Sprang landsdelsscene for dans og Hallingdal Dansekompani, Rannveig Øygardslia