– Vi treng ei utøvande folkedansutdanning no!

Noregs Ungdomslag har saman med FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) lenge jobba for å få på plass finansiering til ei folkedansutdanning på Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland (USN). Instituttet har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst, folkemusikk og folkekunst.

Vi takkar både Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet for gode møte den siste tida. Her kan du mellom anna lese om møtet sentrale aktørar på folkedansfeltet og Universitetet i Sørøst-Norge hadde med  Kunnskapsdepartementet 21. april.

Under landsmøtet til NU 23.-24. april vedtok ungdomslaget ei fråsegn om at vi treng denne utdanninga no. 29. april er dansens dag, så det passar ekstra godt å spreie dette kravet i dag, da vi feirar dansen!

Alt som manglar, er finansiering

Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland har førebudd og fått akkreditert læringsplanen for eit slik bachelorstudium som folkedansmiljøet treng og ønsker seg. No er det einaste som manglar, finansiering.

Dersom staten gir finansiering (finansieringsgrad B) til 20 studieplassar, vil studiet kunne starte allereie neste haust og etter kvart gi kompetente utøvarar og pedagogar til nye arbeidsplassar.

 

Her kan du lese heile fråsegna:

Folkedansmiljøet treng dyktige fagpersonar for å vidareføre kulturarven

Noregs ungdomslag meiner vi må få ei utøvande folkedansutdanning på bachelornivå no. Miljøet treng pedagogar, utøvarar til dansekompania og dyktige fagpersonar på folkedans, som sørger for å vidareføre den immaterielle kulturarven. 

Noregs Ungdomslag er ein av få aktørar som jobbar strategisk med opplæring av folkedansinstruktørar, men det trengst ei større satsing for å sikre mange og dyktige instruktørar.

Folkedansmiljøet melder om behov for fleire pedagogar til å halde i gang og vidareutvikle aktiviteten i laga. Vi vil at danselag rundt om i heile landet skal ha gode vilkår for å vidareføre tradisjonsdansen til medlemmane sine, og til dei komande generasjonane.

Difor treng frivilligheita at det vert utdanna fleire instruktørar, pedagogar og utøvarar i folkedans gjennom ei bachelorutdanning. 

Sikre mangfald av produksjonar i Den kulturelle skolesekken

For at fleire skal oppdage gleda med folkedansen, må vi ha moglegheit til å eksponere allmennheita for folkedans, gjerne i tidleg alder. Gjennom produksjonar og turnear i Den kulturelle skulesekken (DKS) får skuleborn møte eit mangfald av kulturelle uttrykk som kan gi dei eit grunnlag for val av fritidsaktivitetar, som igjen kan føre til val av utdanning og yrkesretning.

Ved å utdanne fleire folkedansarar sikrar vi eit større mangfald av DKS-produksjonar innan folkedans, noko som kan få positive ringverknader for frivillige lag, utdanningar og arbeidsplassar. 

Inga profesjonell folkedansutdanning per i dag

I dag finst det inga utdanning for profesjonelle folkedansarar. Dei etablerte dansekompania treng fleire dansarar til produksjonane sine, men har få stader å hente nye utøvarar frå. Det finst utdanning for dansarar innan sjangrar som jazz, ballett, samtidsdans mm., men vi manglar utdanninga som sikrar folkedansfagleg kompetanse på eit kunstnarleg høgt nivå til folkedanskompania. 

Vi har i mange år hatt utøvande folkemusikkutdanningar, både på Norges Musikkhøgskole, Ole Bull Akademiet og Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Desse utdanningsløpa har resultert i ei mengd dyktige folkemusikkutøvarar, som no mellom anna fyller konsertscener, formidlar folkemusikken på DKS-turnear, lærer opp unge utøvarar i kulturskular og i spelemannslag, og som formidlar kulturarven gjennom dei mange folkemusikkarkiva.

Det er på høg tid at også folkedansarar får like vilkår til utdanning som folkemusikarar. Vi treng sårt ei satsing på folkedansen. 

Mål om finansiering til å starte neste haust

Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Rauland (USN) har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst, folkemusikk og folkekunst. USN har førebudd eit studium og fått akkreditert læringsplanen for eit slik bachelorstudium som miljøet treng og ønsker seg.

Alt som skal, til er finansiering. Dersom staten gir finansiering (finansieringsgrad B) til 20 studieplassar, vil studiet kunne starte allereie neste haust og etter kvart gi kompetente utøvarar og pedagogar til nye arbeidsplassar. 

Forplikta til å ta vare på immateriell kulturarv

Den norske stat har også signert den internasjonale forpliktinga i UNESCO-konvensjonen av 2003 om vern av immateriell kulturarv for å ivareta eit mangfald av kulturuttrykk. Dersom folkedansen skal leve som kulturuttrykk i Noreg må han lærast av unge, kompetente utøvarar som skaper nye uttrykksformer og som formidlar kulturarven vidare til fleire. 

Vi ser det som staten si oppgåve å stimulere og legge til rette for utvikling og vidareføring av den immaterielle kulturarven, og meiner det må opprettast ei høgare kunstnarleg og utøvande utdanning for tradisjonsdans i Noreg no. 

Her kan du lese fråsegna som pdf-dokument