Landsmøtet er organisasjonen sitt høgste demokratiske organ, og staden der dei viktigaste avgjerdene som skal vere førande for NU det neste året vert fatta. På landsmøtet møtast ungdomslagsfolk frå heile landet til sosialt og fagleg samvere. Alle lag, både fylkeslag og lokallag har rett til å sende utsendingar. Møtet blir halde kvart år.
Landsmøtet 2023 blir helga 28.-30.april i Oslo. Førebels innkalling til Landsmøtet finn du her.
Påmeldingsfristen for Landsmøtet er 24.mars.
Landsmøtet finn stad på Radisson Blu Scandinavia Hotell, Holbergs gate 30.
Du finn påmeldingsskjema for delegatar her: Påmelding
Kvar delegat fyller ut sitt påmeldingsskjema.
Leiar i laget eller den som skal levere fullmakt, finn fullmaktsskjema her: Fullmakt
Ein leverer samla fullmaktsskjema for alle som representerer sitt lag.
Meir informasjon om Landsmøtet kan du lese på denne sida.