Konferansen går over to dagar og både representantar frå offentleg forvalting og lag og organisasjonar er invitert til halde innlegg. Gjennom konferasen vil vi sette søkelys rammevilkår og kunnskapsstatus.
Vi skal òg diskutere om manglande forståing på tvers av sektorar medverkar til å skape kunstige barrierar for at organisasjonseigde kulturhus kan utvikle seg i takt med tida.
Laurdag rettar konferansen seg meir mot huseigarar og frivillige lag. Tema då vert korleis skape lokalt engasjement, skrive gode søknadar, støtteordningar, offentlege krav til drift av husa og korleis kan huseigarar legge til rette for at alle kan nytte husa uavhengig av funksjonsnedsetting. Kløvheim Ungdomslag, som i 2023 vart kåra til årets Ungdomslag vil òg fortelje om sine lagsaktivitetar i eit inspirasjonsføredrag.
Påmelding: https://www.deltager.no/event/kulturhuskonferansen_20102023#init
Konferansen er støtta økonomisk av Vestland fylkeskommune.