Tilskotsordninga "Kulturfellesskap med ukrainske flykninger" er retta mot frivillige organisasjonar og lag som ønsker å inkludere flyktningar frå Ukraina i ein musikk- eller kulturaktivitet. Prosjektet har òg ei eiga nettside.
Midlane skal nyttast for å fremme aktivitet og deltaking blant ukrainske flyktningar som er busette i kommunar eller på mottak. I hovudsak er ordninga meint som hjelp til å inkludere i aktivitet som allereie eksisterer i foreininga.
Løpande søknader og kort behandlingstid
Dette er noko også NU-lag kan søke om støtte til å gjennomføre, og denne støtta kan de søke om i tillegg til vaksenopplæringsmidlane. Kanskje er det ein aktivitet også i laget ditt der det kunne passe å inkludere lokale flyktningar?
Eit ungdomshus kan til dømes vere ein fin stad å invitere til ein «bygdekveld» og vise kva aktivitetar de brukar å ha i huset. De kan søke om støtte til både planlegging, tolk og enkel traktering.
– Vi støttar både små og store tiltak. Vi behandlar søknader løpande og vi har kort behandlingstid. Vi gir støtte til tiltak som skjer i 2022, så det er berre å kaste seg rundt, fortel prosjektleiar i "Kulturfellesskap med ukrainske flykninger" i Norsk musikkråd, Mari Romarheim Haugen.
Lenke til tilskotsordninga finn de her: https://www.musikk.no/prosjekt/ukraina#Tilskuddsordninger
Fleire måtar å søke støtte på
Lokale lag og foreiningar har fleire moglegheiter til å søke tilskot til inkluderingstiltak. Musikkens studieforbund har Prio-midlar til tiltak som er retta mot rekruttering, integrering og inkludering. K-stud gir ekstra tilskot for kurs til flyktningar. Kurs med deltakarar som kan lite norsk, og som vektlegg språktrening, kan få ekstra tilskot frå Kultur og tradisjon.
For å komme i kontakt med ukrainske flyktningar, er flyktningkoordinatoren i kommunen ein fin stad å starte. Frivilligsentralene i kommunane har òg ofte god oversikt over flyktningar i kommunen.
"Kulturfellesskap med ukrainske flyktninger" har òg laga ein rettleiar (ein trinnvis guide), som gir råd om korleis ein kan komme i gang med å inkludere flyktningane i lokalområdet ditt:
https://www.musikk.no/prosjekt/ukraina/veileder-arrangorer
Dei har òg laga eit skjema der lag som ønsker å inkludere ukrainske flytningar, kan registrere seg. Lista over desse laga kan ein òg finne her:
Kulturfellesskap med ukrainske flyktninger – Prosjekt (musikk.no)
Lenke og rettleiar til tilskotsordninga finn de her:
- https://www.musikk.no/prosjekt/ukraina#Tilskuddsordninger
- https://www.musikk.no/prosjekt/ukraina/veileder-arrangorer
Kulturfellesskap har òg utarbeidd eit kart med oversikt over område med mange flyktningar og lokale lag:
Kulturfellesskap: Prioriterte områder – Google My Maps.
Det er òg mogleg å kontakte dei ukrainske foreningane:
Ukrainere i Norge
Хто ми – Українці в Норвегії (ukrainere.no) og
Den ukrainske forening i Norge
Krigen i Ukraina/Hjelp | UkrainskeForening (ukrainskno.wixsite.com)
------------
Bakgrunn:
Ti ekstra millionar
I sommar sette Kultur- og likestillingsdepartementet av ti millionar kroner for å inkludere ukrainske flyktningar i kulturaktivitetar som kor, dramagrupper og korps og andre fritidsaktivitetar på kulturfeltet. Som del av denne potten, fekk Norsk musikkråd eit eingongstilskot til arbeid med inkludering av ukrainske flyktningar. Det er Norsk musikkråd, Musikkens studieforbund og Kulturalliansen som samarbeidar om ordninga.
Fleire organisasjonar har allereie nytta dette tilbodet. Mellom anna har 22 ukrainske flyktningar vore med og lært å spele i korps, som del av Valdres Sommerbrass, og under Sommersanguka 2022 på Toneheim folkehøgskole, deltok òg 13 ukrainske flyktningar. Det var Ung i Kor Oslo og Ung i Kor SørØst som arrangerte Sommersanguka.