700 millionar kroner har blitt satt av til arrangørar i frivillig- og idrettsektoren som mistar billett- og deltakarinntekter som følgje av koronaviruset. Søknadsskjemaet vart opna 14. april, og det er svært kort svarfrist = 21. april.
Som lag kan de søkje om kompensasjon dersom:
*Arrangementa var planlagte i perioden 5. mars til og med 30. april 2020.
*Arrangementa ville ha vore opne for ålmenta.
*Tapte billettintekter og deltakaravgifter med meirutgifter, må utgjere samla meir enn 25 000 kroner for laget.
SØKNADSKJEMA FINN DE HER!
Mange av laga våre ville i vår fått dei største inntektene frå loppemarknad, basar og utleige. Noregs Ungdomslag fekk ikkje gjennomslag for at desse inntektskjeldene vart inkluderte i denne kompensasjonsordninga, men vi kjem ikkje til å gje oss i kampen for ei ny kompensasjonsordning knytt til generelle inntekter for frivilligheita.
De finn søknadsskjema og rettleiing her på denne sida.
Ta kontakt med oss på NU-kontoret om de lurar på noko!