Landsmøtet nærmar seg, og vi har no lagt ut alle sakspapira som tilhøyrer sakslista til landsmøtet. Du finn dokumentet som høyrer til kvart punkt på sakslista, ved å trykke på kvart punkt. Alle vedlegga til saker finn du òg nedst på sida.
Der finn de òg årsmeldingmagasinet Ungdom, der de kan lese både årsmelding og reportasjer frå året som gjekk.
Du kan lese meir om dette i nyheitsbrevet som er sendt ut tysdag.
Vi minner samtidig om at påmeldingsfristen til landsmøtet er utvida til 10. april.