Resultat frå andre runde av Kven veit?

Resultata etter andre runde av kunnskapstevlinga Kven Veit? er no klare. Vågå UL vann runde to av seniortevlinga med 23 poeng. På delt andreplass med 22 poeng er Teaterlaget i BUL Oslo  og lag A frå Bergen UL Ervingen. Samanlagt etter to rundar leiar Bergen UL Ervingen med 46 poeng. Teaterlaget i BUL Oslo ligg rett bak med 45 poeng samanlagt.

Av juniorane er det Bygstad skule som ligg i tet med 24 poeng til både 6A og 6B. Samanlagt etter to tevlingsrundar er det 6A på Bygstad runde som ligg best an med 44 poeng, med 6B knappe to poeng bak. 

RUNDE 2:

Sjå den fullstendige resultatlista frå runde 2 av seniortevlinga her.

Sjå den fullstendige resultatlista frå runde 2 av juniortevlinga her.

SAMANLAGT:

Her er samanlagt resultatliste for seniorane etter runde 1 og 2.

Her er samanlagt resultatliste for juniorane etter runde 1 og 2.